Serenade nr. 9 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serenade nr. 9
Posthornserenaden
K. 320
Serenade av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOrkestermusikk
PeriodeWienerklassisismen
Komponert3. august 1779
Typisk lengd42:46
Satsar/akter7
ToneartD-dur
Posthornet, som serenaden er kalla opp etter.

Serenade for orkester nr. 9 i D-dur K. 320, Posthorn, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart i Salzburg, i 1779. Manuskriptet er datert 3. august 1779 og var meint som seremonimusikk ved Universitetet i Salzburg det året.[1]

Serenaden er instrumentert for to fløytear, flautino, 2 oboar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, posthorn, pauke og strykarar. Verket har sju satsar:

  1. Adagio maestoso - Allegro con spirito
  2. Minuetto
  3. Concertante: Andante grazioso i G-dur
  4. Rondeau: Allegro ma non troppo i G-dur
  5. Andantino i D-moll
  6. Minuetto - Trio 1 & 2
  7. Finale: Presto

Concertanten og rondoen er dominert av fløyte og obo.

Den første trioen av den andre menuetten består av ein soloflautino (eller piccolo) spelt over strykarar. Den andre trioen i den andre menuetten har ein solo for posthorn og dette har gjeve serenaden kallenamnet sitt.

Ei typisk framføring varer om lag 42-45 minuttar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sadie, Stanley. Mozart: The Early Years, 1756–1781, p. 503-505, New York: W.W. Norton & Co. (2006) ISBN 0-393-06112-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]