Sergej Lavrov
| Sergej Lavrov
Сергей Викторович Лавров | |||
| | |||
| Fødd | 21. mars 1950 (75 år) Moskva | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Russland | ||
| Parti | Sovjetunionens kommunistiske parti, Sameint Russland | ||
| Yrke | diplomat, politikar, minister | ||
| Institusjonar | Russlands utenriksdepartement | ||
| Utdanna ved | MGIMO School No.1414 | ||
| Ektefelle | Maria Lavrova | ||
| Barn | Ekaterina Vinokurova | ||
| Medlem | Det keiserlige ortodokse palestinaselskap | ||
| Alle verv | |||
Sergej Viktorovitsj Lavrov (fødd 21. mars 1950) er ein russisk diplomat og utanriksminister i Russland frå 2004.
Lavrov vart i 1972 uteksaminert frå det sovjetiske utanriksdepartementet sitt institutt for internasjonale forhold i Moskva. Same året vart han send til den sovjetiske ambassaden i Sri Lanka. Frå 1976 til 1981 jobba han i utanriksdepartementet i Moskva, frå 1981 til 1988 i den sovjetiske FN-delegasjonen i New York. I 1988 vende han attende til Moskva og jobba i det russiske utanriksdepartementet, frå 1992 som viseutanriksminister. I 1994 vart han Russland sin FN-ambassadør, noko han var i ti år. 9. mars 2004 utnevnde president Vladimir Putin han til utanriksminister i samband med ei større utskifting av regjeringa før det russiske presidentvalet.
Lavrov snakkar engelsk, singalesisk, dhivehi og til ein viss grad fransk.[1] Han er gift og har ei dotter.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ A. Gyldén og A. Chevelkina, La fabrique des diplomates de Poutine, L'Express, 11. mars 2016.