Serykh Gusej-øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Serykh Gusej-øyane utanfor Koljutsjinbukta.

Serykh Gusej-øyane (russisk Ostrova Serykh Gusej) er ei øygruppe i Tsjuktsjarhavet nordvest for Koljutsjinskajabukta i Tsjukotka i Russland. Øyane ligg i området ved Beljakatangen, som lukkar Koljutsjinbukta og skil ho frå Tsjuktsjarhavet.

Serykh Gusej-øyane ligg på linje frå nord til sør og er i snitt 5 km frå kysten av Tsjukotkahalvøya. Juzjnyjøya er den største av dei og er om lag 12 km lang. Området er prega av sandflater, strender og tørr tundra med krekling. Grusstrendene glir over i flate, torvsletter. Juzjnyjøya har mange små vatn med brakkvatn.[1]

Havområdet omkring øyane er isdekt 9-10 månader av året, så dei er landfaste det meste av tida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 67°02′N 174°66′E{{#coordinates:}}: ugyldig lengdegrad