Sesam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sesam
Sesam
Sesam
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Pedaliaceae
Slekt: Sesamum
Art: Sesam S. indicum
Vitskapleg namn
Sesamum indicum

Sesam (Sesamum indicum) er ein eittårig planteart i familien Pedaliaceae, kjend for sine oljerike frø.

Sesamplanten er ein steppegrasplante med opprette, forgreina og tetthåra stenglar. Han blir ca. 90 cm høg. Blada er lansettforma. Blomane er kvite og traktforma og blir ca. 3 cm lange. Frukta er ein kapsel med talrike flate frø. Planten har ei sterk lukt.

Sesamfrø kan brukast som eit mildt krydder og til bakverk. Frøa inneheld opptil 50 % olje, sesamolje, som kan stå lenge utan å bli harsk. Ho blir brukt som matolje og til såpe og margarinproduksjon. Pressrestane blir brukt til kraftfôr.

Ein dyrker sesam i Asia, Afrika og Amerika. Planten var kjend av romarane, og har heilt frå oldtida vore dyrka i middelhavslanda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sesam: plante». Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 11. november 2017.