Severin Grande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Severin Grande
Fødd 8. november 1869
Verdal
Død

13. juni 1934
Oslo

Yrke kunstmålar

Severin Grande (18691934) var ein norsk kunstmålar som måla bilde i ein fargerik, impresjonistisk stil.

Grande var fødd i Verdal. Han studerte kunst ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og fekk opplæring av Eyolf Soot og seinare Erik Werenskiold og Harriet Backer. Han drog til Paris i 1905–06, var hjå Kristian Zahrtmann i København i 1906, og kom i 1907 tilbake til Paris der han blei elev av Christian Krohg og Henri Matisse. Severin Grande var deretter eitt år i Italia.

Nasjonalgalleriet eig tre måleri av Grande, som måla bybilde, interiør og landskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]