Harriet Backer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harriet Backer

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. januar 1845
Holmestrand kommune
Død

25. mars 1932 (87 år)
Oslo

Yrke kunstmålar, kunstnar
Sjanger målarkunst, grafikk
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Harriet Backer på Commons

Harriet Backer (21. januar 184525. mars 1932) var ein norsk kunstmålar som vart velsedd medan ho endå levde og var ein banebrytar for kvinnelege kunstnarar i Skandinavia.

Backer var fødd i ein velståande familie i Holmestrand. Tolv år gammal flytta dei til Christiania, der ho fekk undervising i teikning og måling av mellom anna Jacob Calmeyer og Johan Fredrik Eckersberg.

Harriet Backer reiste mykje i Europa saman med systera, pianisten Agathe Backer-Grøndahl, og tok då vidare undervising. Etter kvart studerte ho i Paris og München der ho vart sterkt påverka av impresjonismen. Verka hennar er likevel hovudsakleg realistiske i utforming. Backer høyrde til aldri noko særskild målarskule, men var sterkt påverka av vennen Eilif Peterssen.

Hariet Backer fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1908. I 1912 fekk ho Petter Dass-medaljen.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Harriet Backer vart fødd i Holmestrand, men flytta som 12-åring med familien til Christiania. Der fekk ho utdanning ved målarkurset til Johan Fredrik Eckersberg og ved målarskulane til Christen Brun og Knud Bergslien. Seinare var ho elev av Eilif Peterssen og Léon Bonnat. Ho studerte i München (1874–1878) og var tilknytta Madame Trélats målarskule i Paris. Backer budde i Paris i åra 1878–1888. Ho delte atelierhusvære med venninna si Kitty Kielland.

Backer hadde sin debut på Salonen i 1880 med måleriet Solitude, men hadde òg jamlege sommaropphold i Noreg. Ho flytta tilbake til Noreg i 1888 og fekk no stor respekt som kunstnar, også bland yngre kunstnarar. Backer heldt si fyrste separatutstilling i Christiania Kunstforening i 1907.

Harriet Backer arbeida i realisme-tradisjonen innan målarkunsten, der ho er rekna både som naturalist og ein tidleg impresjonist. Ho var sentral i kretsen av Fleskum-målarane som møttest på Fleskum gård i Bærum sumaren 1886. Backer si forståing for ljoset og fargebruken hennar, er noko av dei fremste kvalitetane hennar. Hennar kunstforståing kan då også forståast som l'art pour l'art ('kunsten for si eiga skuld'), altså at kunsten har verdi i seg sjølv, uavhengig av motivet f.eks. Harriet Backer vann sølvmedalje på Verdsutstillinga i 1889 og ho fekk Kongens fortjenstmedalje i gull i 1908. Frå 1921 mottok ho Statens kunstnarløn. Ho vart æresmedlem i Norsk Kvinnesaksforening i 1920.[1]

Harriet Backer døydde heime den 25. mars 1932 og er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

På Dr. Graaruds plass i Holmestrand er det plassert ein skulptur utført i 1982 av Ada Madssen som viser både Agathe og systera Harriet Backer, der Agathe sit og har blikket mot sjøen og Harriet står og held ein palett og ser mot Holmestrandsfjellet.

Målarskule[endre | endre wikiteksten]

Backer dreiv målarskule i Kristiania frå tidlig i 1890-åra og skulen var på den tida i praksis den einaste kunstmålarutdanninga i Noreg. Blant elevane var Nikolai Astrup, Halfdan Egedius, Harald Sohlberg, Henrik Lund, Helga Ring Reusch, Astri Welhaven og Sara Fabricius (Cora Sandel).[2][3]

Viktige verk[endre | endre wikiteksten]

Nokre av dei viktigsate verka til Harriet Backer er Solitude (måla 1878–1880), Blått interiør (1883), Ved lampelys (1890) og Barnedåp i Tanum kirke (1892).

I måleria hennar finst ingen einsfarga flater; fargebruken er organisk og syner dynamikken i korleis ljoset fell. Arbeidsmåten hennar følgde modellen frå samtidas plein air-måleri, eller friluftsmåleri. Det vil seie at ho stilte seg opp direkte framfor det som skulle målast når ljoset fall slik ho såg for seg som rett for hennar bilde. Deretter vende ho tilbake på same tid av dagen inntil måleriet var ferdig. Dette er grunnen til at fleire av måleria hennar gjerne tok opp til fleire år å utføre.

Ved lampelys[endre | endre wikiteksten]

Måleriet Ved lampelys (1890) er eit av hennar viktigaste verk. Her har ho vist korleis ljoset endrar karakter idet det fell over interiøret, og korleis det kastar lange skuggar og vert reflektert i spegelen. Frå den glødande omnen vert ljoset kastar over stolen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nylænde 1921 s. 4
  2. Loge, Øystein (1993). Gartneren under regnbuen: hjemstavnskunstneren Nikolai Astrup. Grøndahl Dreyer/De Norske bokklubbene. ISBN 8252527876. 
  3. Østby, Leif (20. februar 2017). «Harriet Backer». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). Henta 9. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]