Shaunae Miller-Uibo
Shaunae Miller-Uibo | |
Statsborgarskap | Bahamas |
Fødd | 15. april 1994 (30 år) Nassau på Bahamas |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2012, VM i friidrett 2013, VM i friidrett 2015, VM i friidrett innendørs 2014, Samveldeleikane 2014, Stafett-VM i friidrett 2015, VM i friidrett 2017, Samveldeleikane 2018, VM i friidrett 2019, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 400 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 200 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 400 meter kvinner, VM i friidrett innendørs 2022 – 400 meter kvinner |
Shaunae Miller-Uibo (fødd 15. april 1994) er ein friidrettsutøvar frå Bahamas som tevlar i sprintløp. Ho vart olympisk meister på 400 meter både i 2016 og 2021, samt verdsmeister 2022. Hennar personbeste på 200 meter og 400 m er på 21,74 og 48,36 sekund, oppnådd i høvesvis 2019 og 2021.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]19 år gammal kom Miller på fjerdeplass på 200 m ved Moskva-VM. To år seinare vann ho sølvmedaljen på 400 meter under VM i friidrett 2015 i Beijing, einast Allyson Felix sprang fortare. Året etter vann Miller gullmedaljen på same distansen då Sommar-OL 2016 vart avvikla i Rio de Janeiro, sju hundredels sekund føre nemnte Felix. I London-VM 2017 gjorde Miller det best på 200 m, der ho tok bronsen. Under verdsmeisterskapen 2019 gjorde ho eit fabelaktig godt 400-meterløp på tida 48,37, trass i dette måte ho sjå seg slått av marokkanske Salwa Eid Naser.
Miller-Uibo tok sitt mun att under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021, der ho forbetra sitt personbeste på 400 meter med ein hundredels sekund til 48,36 sekund og vann ein suveren siger. Eitt år seinare vann ho distansen også i friidretts-VM i Eugene i USA, som i Tokyo framom den neste verdseinaren på 400 meter for kvinner, Marileidy Paulino.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 2012 i London: Utslått på 400 m (-)
- VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 200 m – 22,74
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje på 400 m – 49,47, bakom Allyson Felix (49,26)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 400 m – 49,44, framom Allyson Felix (49,51)
- VM 2017 i London: Bronsemedalje på 200 m – 22,15. Nr 4 på 400 m – 50,49
- VM 2019 i Doha: Sølvmedalje på 400 m – 48,37, bakom Salwa Eid Naser (48,14)
- OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 400 m – 48,36, framom Marileidy Paulino (49,20). Nr 8 på 200 m – 24,00
- VM 2022 i Eugene: Gullmedalje på 400 m – 49,11, framom Marileidy Paulino (49,60).
- VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa på 400 m (52,65=nr 37)
- OL 2024 i Paris: Utslått i forsøka på 400 m
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Shaunae Miller-Uibo» frå Wikipedia på engelsk, den 16. juni 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Shaunae Miller-Uibo» (på engelsk). olympedia.org.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1994
- Bahamanske sprintarar
- Olympiske meistrar for Bahamas
- Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2012
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2016
- Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2016
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2020
- Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2020
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020