She Thinks I Still Care
She Thinks I Still Care Singel av George Jones frå albumet Hits by George | ||
B-side |
«Sometimes You Just Can't Win» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. april 1962 | |
Innspelt | 3. mars 1962 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:34 | |
Selskap | United Artists | |
Komponist | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Tekstforfattar | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Låtskrivar(ar) | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Produsent | Pappy Daily | |
George Jones-kronologi | ||
«Achin', Breakin' Heart» (1962) | She Thinks I Still Care | «Beacon In the Night» (1962)
|
He Thinks I Still Care Singel av Connie Francis | ||
A-side |
«I Was Such a Fool (To Fall in Love with You)» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1962 | |
Innspelt | 18. juni 1962 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 3:17 | |
Selskap | MGM | |
Komponist | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Tekstforfattar | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Låtskrivar(ar) | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Produsent | Danny Davis, Jim Vienneau | |
Connie Francis-kronologi | ||
«Vacation»/ «The Biggest Sin of All»
(1962) |
He Thinks I Still Care | «I'm Gonna Be Warm This Winter/ Al di là»
(1962)
|
«She Thinks I Still Care» er ein countrysong skriven av Dickey Lee og Steve Duffy. Songen er blitt spelt inn av mange artistar, som George Jones, Connie Francis, Anne Murray, Elvis Presley og Patty Loveless.
He Thinks I Still Care Singel av Anne Murray frå albumet Danny's Song | ||
A-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1974 | |
Innspelt | September 1972 | |
Sjanger | Country, pop | |
Selskap | Capitol 3867 | |
Komponist | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Tekstforfattar | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Låtskrivar(ar) | Dickey Lee, Steve Duffy | |
Produsent | Brian Ahren | |
Anne Murray-kronologi | ||
«A Love Song» (1974) |
He Thinks I Still Care | «Son of a Rotten Gambler» (1974)
|
George Jones-versjonen
[endre | endre wikiteksten]I følgje boka til Bob Allen, George Jones: The Life and Times of a Honky Tonk Legend, hadde Jones først høyrt songen då Jack Clement spelte songen for han i Gulf Coast Studio i Beaumont, som Clement eigde med Bill Hall. Songen vart skriven av Dickie Lee Lipscomb og Steve Duffy, to profesjonelle låtskrivarar som var under kontrakt med forlaget til Clement, så Clement ivrig etter å få Jones til å spele han inn. I følgje Allen viste Jones lita interesse og sa «Eg likar han ikkje noko særleg. Det er for mange 'just because' i teksten. Eg trur ikkje nokon vil høyre den skiten, syns du?»[1] Fryktlaus fortsette både Clement og Hall å føreslå songen til Jones. Jones sjølv har seinare sagt at han vart særs begeistra då han først høyrde songen. Jones gav ut songen i april 1962 som den første singelen hans på United Artists og nådde toppen av Billboard-lista. B-sida, «Sometimes You Just Can't Win», nådde 17. plassen på countrylista.[2] «She Thinks I Still Care» var ein av sju singlar Jones fekk inn på lista i 1962, og hausten 1963 reiste han til New York City og framførte songen på Jimmy Dean sitt show på ABC.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Connie Francis spelte inn songen som «He Thinks I Still Care» 18. juni 1962 i Columbia Recording Studio i Nashville, som vart produsert av Danny Davis og Jim Vienneau.[3] Songen vart i september 1962 gjeven ut som B-sida til «I Was Such A Fool (To Fall In Love With You)», men fekk nok merksemd på eigahand til å nå 57. plassen på på Billboard Hot 100 (51. plassen på Cash Box Pop 100).
- Little Willie John spelte inn songen i 1962.
- Bill Haley & His Comets spelte inn ein spanskspråkleg versjon av songen kring 1964.
- Cher spelte inn songen as «He Thinks I Still Care» in 1965 for her debut solo album All I Really Want To Do.
- Jerry Lee Lewis spelte songen i 1966 på albumet Memphis Beat.
- Merle Haggard spelte inn songen i 1969 for albumet A Portrait of Merle Haggard og spelte inn songen igjen i 2006 for album med Jones Kickin' Out the Footlights...Again.
- Seint i 1970-åra spelte The Kendalls inn songen med den kjønnsnøytrale tittelen «You Think I Still Care».
- Michael Nesmith, tidlegare i The Monkees, spelte inn ein versjon av songen i 1972 på albumet Tantamount to Treason Vol. 1.
- Leon Russell spelte inn songen i 1973 på albumet Hank Wilson's Back.
- Glen Campbell spelte inn songen i 1973 på albumet Glen Travis Campbell
- Anne Murray omgjorde songen til «He Thinks I Still Care» i 1973 Danny's Song og i 1974 vart songen gjeven ut på B-sida til Murray sin versjon av Lennon–McCartney-songen «You Won't See Me». Medan «You Won't See Me» nådde åttandeplassen på Billboard Hot 100 og førsteplassen på Billboard Easy Listening Singles-lista, vart «He Thinks I Still Care» spelt på countryradio. I juli vart «He Thinks I Still Care» den første førsteplassen hans på Billboard Hot Country Singles-lista.[4]
- Tidleg i 1977 vart songen ein hit for Elvis Presley, som B-sida til countryhitten «Moody Blue».
- Kirsty MacColl spelte inn songen i 1981 på albumet Desperate Character.
- James Taylor spelte ofte songen på konsertane sine, og eit opptak finst på albumet Live.
- Teddy Thompson inkludert ein versjon i 2007 på plata Upfront & Down Low.
- Patty Loveless spelte inn songen i 2008 på albumet Sleepless Nights.
- Watkins Family Hour spelte inn songen på debutalbumet sitt i 2015.
Lister
[endre | endre wikiteksten]George Jones
[endre | endre wikiteksten]Liste (1962) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[5] | 1 |
Connie Francis
[endre | endre wikiteksten]Liste (1962) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Easy Listening | 18 |
US Country Songs (Billboard)[6] | 57 |
Anne Murray
[endre | endre wikiteksten]Liste (1974) | Plassering |
---|---|
US Country Songs (Billboard)[7] | 1 |
Canada RPM Country Tracks | 11 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «She Thinks I Still Care» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allen, Bob 1996, s. 139.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944–2006, Second edition. Record Research. s. 180.
- ↑ [1]
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944–2006, Second edition. Record Research. s. 242.
- ↑ "Jones?f=357&g=Singles George Jones Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for George Jones. Prometheus Global Media.
- ↑ "Francis?f=357&g=Singles Connie Francis Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Connie Francis. Prometheus Global Media.
- ↑ "Murray?f=357&g=Singles Anne Murray Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Anne Murray. Prometheus Global Media.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Singlar frå 1962
- Songar frå 1962
- Singlar frå 1974
- Singlar frå 1977
- Songar skrivne av Dickey Lee
- Anne Murray-songar
- Capitol Records-singlar
- Connie Francis-songar
- Elvis Presley-songar
- Glen Campbell-songar
- George Jones-songar
- Songar på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista
- MGM Records-singlar
- Jerry Lee Lewis-songar