Simon Olaus Wolff

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Simon Olaus Wolff
Simon Olaus Wolff.jpeg
Fødd 10. oktober 1796
Snåsa kommune
Død

11. desember 1859 (63 år)
Sauherad

Yrke skribent, prest, kunstmålar, teiknar
Simon Olaus Wolff på Commons

Simon Olaus Wolff (fødd 10. oktober 1796 i Snåsa, død 11. desember 1859 i Sauherad) var ein norsk prest og diktar. Han skreiv mellom anna diktet «Hvor herligt er mit fødeland» som vart sett melodi til av Lars Møller Ibsen, samt fleire nasjonale forteljingar, som Hardangerne og Brudstykker af en Thellemarks-Vandring (1822). Han var òg teiknar og akvarellmålar.[1]

Wolff voks opp i Trøndelag, Hardanger og Bergen. Han tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1818. Han studerte seinare ved Det Kongelege Frederiks Universitet og vart teologisk kandidat i 1825. Same år vart han utnemnd til sokneprest i Mo i Telemark. I 1833 vart han flytta til Aurskog og i 1840 kom han til Sauherad, der han levde fram til han døydde. Som diktar skreiv han òg ein del små avhandlingar om litterære og politiske emne.

Moland kyrkje i 1829 med prestegarden, teikna av Wolff.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://nbl.snl.no/Simon_Olaus_Wolff