Sjøfløyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sjøfløyte er ein variant av blokkfløyta, og har i Noreg vore nytta som folkemusikkinstrument. Dei er fløyter som vart laga på bygdene etter modell av trefløyter som vart teke med frå kontinentet på 1700-talet og 1800-talet av sjøfolk og ferdafolk på skip, og difor fekk dei denne nemninga. Desse fløytene var stor sett tyske, og kunne òg verte kalla kjøpefløyte eller byfløyte. Nemninga sjøfløyte er mest vanleg i Numedal, Telemark og på Agder. På Vestlandet kunne desse fløytene heite tyskfløyte, som altså synar til opphavsområdet for dei. I Gudbrandsdalen, der det er teke vare på mange 1700-talsfløyter, hadde desse fløytene gjerne nemninga trefløyte etter materialet dei var laga av. Egil Storbekken lagde si tussefløyte som ei vidareutvikling av ei slik trefløyte[1], som var lagd i Gudbrandsdalen.

Under dei pietistiske rørslene i Noreg i siste halvdelen av 1800-talet vart hardingfela sett på som eit syndig instrument, og mange spelemenn tok til å spele danseslåttane på fløyte i staden. I Flesberg i Numedal var det om lag tjue sjøfløytespelemenn i år 1900 som ein kjenner namna på. Men på 1900-talet var sjøfløytetradisjonen i ferd å døy ut, fram til musikarar som Per Midtstigen, Steinar Ofsdal, Tellef Kvifte og Ånon Egeland tok opp att tradisjonen på 1970-talet. Midtstigen og Ofsdal fekk i 1989 Spellemannprisen i klassa for folkemusikk/gammaldans for cd-innspelinga «Sjøfløyta».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]