Sjur Røthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjur Røthe i 2013

Sjur Røthe (fødd 2. juli 1988) er ein norsk langrennsløpar frå Voss. Han vann bronsemedaljen på 30 km i ski-VM 2013 i Val di Fiemme. I noregsmeisterskapane har han sikra seg tre bronsemedaljar; 2010, 2012 og 2013.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Røthe debuterte i verdscupen i langrenn på tampen av 2009-sesongen. 7. mars 2010 gjekk han ein etappe på det norske andrelaget som vann verdscupstafetten i Lahti, framom det norske fyrstelaget. Under NM på ski 2010 tok han bronse på 15 km fristil.

I opningsrennet i verdscupen for 2010/11 vart han nummer sju på ein 15 km i Gällivare. Han deltok i tre øvingar i Ski-VM 2011 i Oslo. På 30 km fellesstart vart han nummer 14, medan han på den avsluttande femmila var med tetgruppa inn til mål og overraska med å kome på fjerdeplass. Hans beste internasjonale prestasjon i 2012-sesongen var ein fjerdeplass i 30 km i Lahti. I NM på heimebane på Voss kom han på tredjeplassen på 30 km fellesstart.

Gjennom 2012/13-sesongen makta Røthe å kjempe mellom dei beste i verda i fleire renn. Han vart nummer fem individuelt i Gällivare opningshelga i verdscupen, og gjekk dagen etter det norske laget i mål som vinnarar av stafetten. Midt i desember 2012 kom han på andreplassen i 15 km fellesstart i Canmore i Canada, og vart dagen etter på same staden nummer tre på 30 km fellesstart duathlon. Røthe vann i januar månad si tredje NM-bronse på 15 km i fristil. I verdsmeisterskapen på ski 2013 i Val di Fiemme var Røthe mellom dei aller fremste i innspurten på 30 km fellesstart. Han enda opp med bronsemedaljen, slått på målstreken av sølvvinnaren Martin Sundby.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]