Skansenbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skansenbrua
Skansen bridge 2009 3.JPG

Foto: Petr Šmerkl (2009)

Offisielt namn Skansen bru
Transporterer Jernbanebru
Kryssar Vestre kanalhavn
Bane Dovrebanen
Stad Trondheim
Posisjon 63°25′54.188″N 10°22′47.222″EKoordinatar: 63°25′54.188″N 10°22′47.222″E
Utforming Klaffebru
Total lengd 52 m
Seglingshøgd 4 m
Opna 22. mars 1918

Skansenbrua er ei jernbanebru i Trondheim. Den lèt Dovrebanen komme over Vestre kanalhavn og over på den kunstige øya Brattøra, som Trondheim sentralstasjon ligg på. Skansenbrua er ei klaffebru; det vil seie at bruspennet kan hevast slik at høge båtar kan passere under.

Brua blei tatt i bruk for jernbanetrafikk 22. mars i 1918 og er den første av denne typen i Noreg. Seglingshøgda under brua når den ikkje er heist opp er 4,0 meter.[1]

Skansenbrua medan ho er opna for båttrafikk.

Med sine 52 meter er dette det største bevegelege bruspennet i Noreg.

Motvekta på brua henge over jarnbaneskjenene, og er av armert betong. Betongen er støypt om eit tetraedrisk romfagverk som overfører betongvekta til bereveggane, som heng i eit stangparallellogram. Elektromotorar og tannhjul lyftar og senkar klaffen på brua. Løftemaskineriet er plassert i eit maskinhus.

Skansenbrua vart bygd i samband med bygginga av Dovrebanen, og avløyste den gamle smalspora brua som stod der tidlegare. Brua har to spor, men berre det eine blir brukt regelmessig. Brua er konstruert av Joseph Baermann Strauss (1870–1938), som var ein vidgjeten USA-amerikansk ingeniør og konstruktør. Han stod òg for konstruksjonen av den verdskjente brua Golden Gate Bridge i San Francisco.

Skansenbrua er den einaste i sitt slag i Noreg, og ei av dei få som er att i verda av bruer som vart konstruerte på dette viset. I 2005 blei brua freda med verknad frå 26. januar 2006. Fredinga gjeld heile brua, både konstruksjonen og det tekniske utstyret. Bruvakthytta og trafobygningen som ligg attmed brua, er òg freda, saman med brukara. Skjenegangen, signal- og kontaktleidningssystemet på brua er ikkje freda.

Gruppa Adamseplene har lagd ein song med tittelen «Skansenbrua».

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Bratberg, Terje T. V. (2008) Trondheim byleksikon, s. 479 – Kunnskapsforlaget, Oslo. ISBN 978-82-573-1762-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]