Skeise-VM 1987 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen på skeiser 1987 for kvinner fann stad i Milwaukee i USA helga 7. og 9. februar 1987. 32 utøvarar frå 15 land deltok i stemnet, av dei einast ein frå Noreg. Meisterskapen i firkamp bestod av dei fire øvingane 500 m, 1500 m, 3 000 m og 5 000 meter.

Tittelforsvarar Karin Enke frå Aust-Tyskland var best på dei to kortaste distansane og vart verdsmeister framom landskvinna Andrea Ehrig-Mitscherlich som sigra på dei to lengste distansane.

Skeise-VM 1987[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Karin Enke Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 176,721
Sølv Andrea Ehrig-Mitscherlich Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 177,358
Bronse Yvonne van Gennip Flag of the Netherlands.svg Nederland 180,384
4 Seiko Hashimoto Flag of Japan.svg Japan 181,557
5 Jacqueline Börner Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 182,535
6 Marieke Stam Flag of the Netherlands.svg Nederland 184,529
7 Natalja Artamonova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 185,036
8 Heike Schalling Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 185,926

Dato: 7./8. februar 1987

Kjelder[endre | endre wikiteksten]