Verdsmeisterskapen 2001 i sprint-firkamp på skeiser vart avvikla laurdag 20. og sundag 21. januar i Inzell i Tyskland. Meisterskapen var den 32. i sprint-firkamp. 74 utøvarar, 42 karar og 32 kvinner, deltok i meisterskapen.
Mike Ireland frå Canada vart verdsmeister i ei tevling der uvanleg mange kjempa om sigeren til siste distansen var sluttført. Hiroyasu Shimizu frå Japan var bestemann på begge 500-meterane, medan Erben Wennemars frå Nederland vann den fyrste 1000-meteren og norske Ådne Søndrål den andre. I kvinneklassa sikra tyske Monique Garbrecht seg meistertittelen for tredje gong i rad. Ho sigra også i dei to 1000-meterløpa. Canadas Catriona Le May vann dei to 500-meterane.