Skeise-VM 2018 i firkamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdsmeisterskapen på skeiser 2018 i firkamp vart avvikla på Olympisch Stadion i Amsterdam i Nederland dagane frå 9. til 11. mars. 24 menn og 22 kvinner frå 13 ulike land deltok i meisterskapen.

Patrick Roest frå arrangørlandet og Miho Takagi frå Japan vart verdsmeistrar, begge for fyrste gong. Roest var bestemann på 500 meter, medan andremann samanlagt, Sverre Lunde Pedersen, vann både 5 000 m og 1500 meter. Svenske Nils van der Poel var best i milløpet. I kvinneklassa gjekk Takagi fortast av alle på dei to kortaste distansane, og nederlandske Ireen Wüst på dei to lengste distansane.

Dei norske deltakarane vart nummer 2 Sverre Lunde Pedersen, 9 Håvard Bøkko og Ida Njåtun, 12 Simen Spieler Nilsen og 16 Sofie Karoline Haugen.

Skeise-VM 2018[endre | endre wikiteksten]

Menn[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Patrick Roest  Nederland 154,547
Sølv Sverre Lunde Pedersen  Noreg 154,941
Bronse Marcel Bosker  Nederland 155,953
4 Sven Kramer  Nederland 156,003
5 Bart Swings  Belgia 156,266
6 Nils van der Poel  Sverige 156,799
7 Haralds Silovs  Latvia 159,667
8 Danila Semerikov  Russland
9 Håvard Bøkko  Noreg 115,296

Dato: 9.–11. mars

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
Gull Miho Takagi  Japan 166,905
Sølv Ireen Wüst  Nederland 167,758
Bronse Annouk van der Weijden  Nederland 169,840
4 Antoinette de Jong  Nederland 170,016
5 Francesca Lollobrigida  Italia 170,181
6 Martina Sáblíková  Tsjekkia 170,965
7 Ayaka Kikuchi  Japan 172,042
8 Nikola Zdráhalová  Tsjekkia 172,051
9 Ida Njåtun  Noreg 126,324

Dato: 9.–11. mars

Kjelder[endre | endre wikiteksten]