Skomer

Koordinatar: 51°44′10″N 5°17′47″W / 51.73611°N 5.29628°W / 51.73611; -5.29628
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skomer
Geografi
Skomer is located in
Stad Jack Sound
Koordinatar 51°44′10″N 5°17′47″W / 51.73611°N 5.29628°W / 51.73611; -5.29628

Areal 2,92 km²
Lengd 3,2 km
Breidd 2,4 km

Administrasjon
Land Wales
Grevskap Pembrokeshire

Skomer er ei 2,92 km² stor øy utanfor kysten av det sørvestlege Wales. Ho er ei av fleire som ligg på rekkje ein kilometer utanfor kysten av Pembrokeshire i det farlege farvatnet i Jack Sound.

Skomer er om lag 2,4 km frå nord til sør og 3,2 km frå aust til vest.

Øya vart fråflytta i 1958 og er kjend for ein steinsirkel, ein ståande stein og restane etter førhistoriske hus, i tillegg til eit yrande dyreliv. Skomer er eit nasjonalt naturreservat, Site of Special Scientific Interest og Special Protection Area. Det meste av Skomer har òg status som Ancient Monument. Det er omgjeve av eit marint naturreservat. Heile øya vert forvalta av Wildlife Trust of South and West Wales.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Skomer er mest kjend for dei store koloniane med sjøfugl som hekkar her, mellom anna havlire, teist, alke, storkarv, krykkje, lundefugl, havsvale, toppskarv, tjeld og måse, samt rovfugl som jordugle, tårnfalk og vandrefalk. På øya finst òg gråsel, padde, stålorm, sankthansorm og mange villblomar.

Det er over 10 000 hekkande par med lundefugl på Skomer og Skokholm, noko som gjer kolonien til ein av dei viktigaste lundefuglkoloniane i heile Storbritannia. Dei kjem i midten av april og hekkar i holgangar. Dei siste lundefuglane forlet øya i juli.

Av havlire er det estimert kring 128 000 hekkande par på Skomer og Skokholm, noko som er den største havlirekolonien i verda. Dette utgjer om lag halvparten av alle havlirer som finst. Dei hekkar òg i holgangar og er ikkje lette å få auge på, fordi dei ofte dreg og kjem attende i skumringa.

Skomer-mus[endre | endre wikiteksten]

Skomer har eit unikt pattedyr, skomer-musa (Clethrionomys glareolus skomerensis) - som er ein underart av klatremus. Dei utgjer om lag 20 000 individ og trivst godt på øya utan naturlege fiendar.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]