Skreosen

Koordinatar: 59°21′14.2″N 8°09′4.8″E / 59.353944°N 8.151333°E / 59.353944; 8.151333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°21′14.2″N 8°09′4.8″E / 59.353944°N 8.151333°E / 59.353944; 8.151333 Skreosen er ei lita bygd i Kviteseid kommune i Telemark. Bygda ligg langs Fv355, ved den nordre breiddi av Skreevatnet, midt mellom Fyresdal, Dalen og Vrådal. Bygda er del av eit interkommunalt større bygdelag saman med nabobygdene Hauggrend i Fyresdal, Krossli, Austheii og Bandaksli i Tokke og Vråliosen i Kviteseid. Grunna kommunegrenser dregne opp frå gamalt av ligg desse bygdelaga i ulike kommunar, sjølv om dei til dagleg reknar kvarandre som sambygdingar. Grunna avstanden til sentrum i Kviteseid går dei fleste skulebarn på skule anten i Fyresdal eller på Dalen.