Skåre kyrkje
Utsjånad
Skåre kyrkje | |||
kyrkje | |||
Arkitekt | Christian Heinrich Grosch | ||
---|---|---|---|
Teknikk | tømmer | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1858 | ||
Skip | Åttekantkyrkje | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 450 | ||
Skåre kyrkje 59°25′10″N 5°15′49″E / 59.4195°N 5.2635°E | |||
Wikimedia Commons: Skåre kirke |
Skåre kyrkje er ei åttekanta kyrkje frå 1858[1] i Haugesund kommune i Rogaland fylke.
Byggverket er i tre og har 450 plassar[2] (Rasmussen oppgir 550 plasser[3]). Kyrkjeklokkene frå den forrige Skåre kyrkje blei brukt i den nye.[4] Kyrkja blei utvida i 1972. Den har ei defekt kyrkjeklokke frå mellomlalderen, ei frå 1621 og tre frå 1973. Altertavla er frå 1858, orgelet er frå 1958. Eit dåpsfat er frå 1627. Kyrkjerommet har galleri.[3]
Haugesund fekk kjøpstadsrettar i 1854 og blei skilt ut frå Torvastad. I 1879 blei Haugesund og Skåre slått saman til eitt prestegjeld og i 1958 blei Skåre herred ein del av Haugesund kommune.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Kyrkjesøk
- ↑ Kyrkjesøk oppgir 450, ikkje 550.
- ↑ 3,0 3,1 Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag. s. 468. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ Huglen, Andreas (1998). Skåresoga. Saltveit.
- ↑ Myckland, Haakon Falck (1959). Norges bebyggelse : Sørlige seksjon Herredsbindet for Rogaland Nordre del. Norsk faglitteratur.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Skåre kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Skåre kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren