Slaget ved Chiari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Chiari
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Battle of Chiari, 1701.png
Slaget ved Chiari, av Jan van Huchtenburg.
Dato 1. september, 1701
Stad Chiari, Lombardia i Italia
region:IT 45°32′N 9°56′E
Resultat Austerriksk siger
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Bandera de España 1701-1760.svg Spania
Savoie flag.svg Hertugdømet Savoie
Kommandantar
Flagget til Habsburgmonarkiet Eugene av Savoie Flagget til Frankrike Duc de Villeroi

Slaget ved Chiari vart utkjempa den 1. september 1701 under den spanske arvefølgjekrigen. Striden var ein del av felttoget til prins Eugene av Savoie for å ta det spanskkontrollerte hertugdømet MilanoDen italienske halvøya, og kom etter sigeren hans over marskalk Catinat i slaget ved Carpi i juli. Marskalk Villeroi erstatta Catinat som kommandant over den fransk-spansk-savoieiske styrken på krigsskodeplassen, og hadde med seg ordre frå kong Ludvig XIV om presse keisarstyrkane ut av Italia. Eugene føresåg intensjonen til Villeroi om å gå til åtak til ein kvar pris, og grov seg ned føre den vesle festninga Chiari, og venta på eit åtak. I slaget som varte fleire timar, påførte austerrikarane styrkane til Villeori store tap, og tok ein overveldande siger. Felttoget etablerte Eugene i Lombardia, og var med på å overtale Dei maritime maktene om å støtte keisaren. I løpet av ei veke etter slaget hadde England, Dei sameinte Nederlanda og Leopold I, signert den andre avtalen til Storalliansen.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Etter nederlaget sitt i slaget ved Carpi den 9. juli 1701 styrta den franske kommandanten, Nicolas Catinat, tilbake over elva Mincio, og etter let prins Eugene i kommando over heile landområde mellom elva og Adige. Eugene passerte no Mincio ved Peschiera del Garda, og dreiv franskmennene lenger attende over Oglio.[1]

Nederlaget til Catinat, som ikkje klarte å stå imot den langt mindre styrken til austerrikarane, førte til sinne i Versailles, og kong Ludvig XIV erstatta Catinat med den eldre duc de Villeroi. Villeroi – som fekk ordre om å egge til strid - kom fram til krigsskodeplassen seint i august.[2] Ludvig XIV trengde ein siger for å sikre seg lojaliteten til Italia til regimet til barnebarnet sitt. Den 7. september, skreiv den franske kongen, som ikkje visste at slaget alt hadde vorte utkjempa, til kommandanten sin: «Du kan ikkje tru kor nøgd eg er som har deg i kommando … eg har grunn til å tru at du vil fullføre felttoget strålande.».[3] Villeroi møtte armeen, og generalane hans hertugen av Savoie, Catinat, og prinsen av Vaudémont – og marsjerte for å finne fienden, med stor tru på å drive dei ut av Italia.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Eugene såg fram til høvet for eit avgjerande slag, og venta på austsida av Ogilo på å verte angripen. Han hadde valt området sitt med omhu, grove skyttargraver og kanonar føre den vesle festninga Chiari. Småelvar verna stillinga hans på tre sider, og sidan det ikkje var nok plass for eit kavaleriåtak, kunne Eugene rekne med eit frontalåtak frå det franske infanteriet.[2]

Det norditalienske felttoget, 1701.

Villeroi ignorerte åtvaringa til Catinat om at Eugene hadde ei sterk stilling, og sa at kongen ikkje hadde «sendt så mange modige menn berre for å sjå på fienden gjennom kikkertar.»[2] Den 1. september avanserte det fransk-spanske infanteriet. Dei var lurt av rapportar frå spionar om at imperialistane var på veg attende, og Villeroi kryssa Oglio og pressa på mot Chiari i venta av å angripe baktroppen deira;[4] men i staden møtte den franske kommandanten heile den keisarlege armeen som låg i skyttargravene sine. Austerrikarane dreiv franskmennene attende med knusande eld, og påførte dei store tap i det som vart eit av dei blodigaste slaga i Italia under krigen.[4] Med berre mindre tap hadde keisararmeen påføer over 3 000 tap i rekkje og over 250 offiserar. Dette talet voks kraftig då dei skadde franskmennene vart råka av feber.[5]

Villeroi mista personleg kontroll under slaget, og Catinat, som trass i at han var skadd, måtte organisere retretten. Franskmennene grov seg ned under ein kilometer borte frå austerrikarane på same sida av Oglio. Her vart dei to motståande sidene liggande dei neste to månadane. Franskmennene var for mismodige av tilbakedrivinga til å halde fram åtaket, og Eugene var ikkje villig til å risikere fordelen han hadde ved å angripe franskmennene i den sterke forsvarsstillinga dei hadde.[2] Utover hausten vart tilhøva dårlegare i begge leirar. Det var så lite fôr at hestane til Eugene måtte ete lauv. Franskmennene hadde derimot lagt leiren sin på myrlendt område og leid meir. Dei flytta derfor bort først i midten av november, og kryssa Oglio før dei sette opp vinterkvarter i hertugdømet Milano.[6]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

I Milano var nærværet til franskmennene stadig meir upopulært. Den lokale folkesetnaden måtte betale for løn og kost for soldatane og fôr til dyra, og det meste vart teken med tvang.[6] For vinterkvarteret sitt fortsette Eugene å redusere heile hertugdømet Mantova, bortsett frå hovudstaden og Goito, som han blokkerte. Kort tid etter okkuperte han Mirandola og Guastalla.[4] Eugene hadde eit godt forhold til den lokale folkesetnaden og hadde halde stram kontroll. Han hadde avretta 48 av mennene sine for plyndring, og fortalte keisaren at han måtte utføre «ein strengare disiplin enn det ein nokon gong hadde sett i ein arme tidlegare».[6] Eugene hadde fått lite pengar hos keisaren, langt mindre enn venta, men han sikra seg eit godt fotfeste i Nord-italia, og håpte på at suksessen hans oppmuntra dei maritime maktene til å komme Leopold I i støtte.[6] Sidan starten av året hadde grev Wratislaw vore i London som keisar minister, og bede om assistanse. Med dei to sigrane til Eugene (Carpi og Chiari), hadde Leopold I synt at han ville kjempe for å verne interessene sine, og gav Wratislaw argumenta han trengde for å presse gjennom alliansen med dei maritime maktene.[7] Den 7. september 1701 – berre ei veke etter slaget – signerte England og Dei sameinte Nederlanda den andre avtalen i Storalliansen, og støtta krava til keisaren om dei spanske områda i Italia.[6]

Franskmennene var framleis i Milano, men stillinga deira var svak. Moralen var låg og deserteringa var høg. Ludvig XIV skreiv til Villeroi om å arbeide tett med Catinat og ikkje «igjen angripe fienden utan ein fordel». «Om du gjer det … vil kongen, barnebarnet mitt, miste Italia.»[8] I oktober var optimismen til franskmennene om felttoget borte, men Ludvig XIV håpte på å sende forsterkingar til felttoget året etter, då han trudde at keisaren ikkje ville makte å forsterke styrken til Eugene i same grad. Felttoget dette året var derimot ikkje over enno. Medan Villeroi slo leir for vinteren, førebudde Eugene eit åtak på han i hovudkvarteret hans i Cremona.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Coxe: History of the House of Austria, II, 482–83
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 McKay: Prince Eugene of Savoie, 60
  3. Wolf: Louis XIV, 628
  4. 4,0 4,1 4,2 Coxe: History of the House of Austria, II, 483
  5. Wolf: Louis XIV, 629
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 McKay: Prince Eugene of Savoie, 61
  7. Spielman: Leopold I of Austerrike, 184–85
  8. Wolf: Louis XIV, 630