Slaget ved Carpi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slaget ved Carpi
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Schlacht bei Carpi 1701.png
Dato 9. juli 1701
Stad Carpi, nær Legnago
Resultat Austerriksk siger
Partar
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet Royal Standard of the King of France.svg Frankrike[1]
Kommandantar
prins Eugene av Savoie Nicolas Catinat
Styrkar
30 000 25 000
Tap
Ukjend Ukjend

Slaget ved Carpi var ei rekkje manøvrer sommaren 1701 og det første slag i den spanske arvefølgjekrigen som fann stad den 9. juli 1701 mellom Frankrike og Austerrike.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

I Italia tok keisaren initiativet, og ein austerriksk arme under prins Eugene, som var meint å køyre over dei spanske eigedomane på halvøya, vart samla i Tirol tidleg på sommaren, medan den motståande armeen (av franskmenn, spanjolar og folk frå Piemonte), kommandert av marskalk Catinat, sakte vart samla mellom elvene Chiese og Adige. Eugene måtte derimot vente på forsyningar, og franskmennene klarte å ta sterke stillingar i Rivoli-kløfta oppfor Verona. Her trudde Catinat at han var sikker, sida landområde i aust var Venezia og nøytralt.

Men Eugene, medan han dreiv langvarige førebuingar på å gå inn i Italia via Adige eller Gardasjøen eller Brescia-vegen, rekognoserte i løyndom passasjane over fjella mellom Roveredo og Vicenza. Den 27. mai, etter å ha bede om å få gå over områda til venetianarane, med lovnad om at soldatane hans skulle oppføre seg bra, starta Eugene å marsjere på vegar som ingen arme hadde nytta sidan Karl V si tid, og den 28. mai var armeen hans på slettene.

Det første målet hans var å krysse Adige utan kamp, samt herje Karl IV, hertug av Mantova sine private eigedomar (og spare eigedommane til vanlege folk), slik at hertugen byta side. Catinat vart fullstendig teken på snga, for han hadde rekna venetianarane som nøytrale, og armeen til Eugene spreidde seg til Legnago og vidare, på andre sida av Adige. Catinat hadde trudd at austerrikarane kom til å invadere dei spanske områda sør for Poelva. Dei første fordelingane hans hadde sjølvsagt vore for å forsvare tilkomsten til Rivoli, men han tynna no ut linja til ho nådde Po.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Prins Eugene kryssar Alpane.

Etter fem veker med forsiktig manøvrering for begge sider, fann Eugene ein uvakta stad kring 10 km søraust for Legnago nær byen Castagnaro. Med uvanleg stor løyndom i førebuingane (han lurte sjølv sin eigen arme), kryssa han nedre Adige natt til 9. juli, og tok eit lite kavalerikorps som var aleine ved Carpi (9. juli).

Catinat samla med ein gong den spreidde armeen sin bakover mot Mincio, medan Eugene vendte seg nordover og fekk kontakt med den gamle forsyningslinja si, Roveredo-Rivoli. Ei stund hadde Eugene store vanskar med å få forsyningar, så venetianarane tillet prammane hans å gå opp Adige. Til slutt førebudde han seg til å krysse Mincio nær Peschiera del Garda og langt bortfor venstresida til Catinat, for å finne eit nytt forsyningsområde kring Brescia. Dette vart utført den 28. juli.

Kavaleriet til Catinat, som fekk bruene til Eugene i syne, gav dei ikkje noko motstand. Det verkar som at marskalken var nøgd med å sjå at motstandaren ikkje hadde som mål å angripe dei spanske områda på halvøya, og Catinat fall roleg tilbake til Oglio. Armeen hans likte ikkje å trekkje seg tilbake før den langt mindre styrken til austerrikarane, og tidleg i august, rapporterte rivalen hans Tessé dette til Paris. Marskalk Villeroy, ein av kongen sine favorittar, vart sendt for å ta over kommandoen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George Ripley, Charles Anderson Dana, The American Cyclopaedia, New York, 1874, s. 250