Eugene av Savoie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugene av Savoie

Statsborgarskap Hertugdømet Savoie
Fødd 18. oktober 1663
Paris
Død 21. april 1736 (72 år)
Wien
Yrke offiser, militær leiar, arméoffiser
Far Eugene Maurice av Savoia-Soissons
Mor Olympia Mancini
Ektefelle ingen verdi
Eugene av Savoie på Commons

Prins Eugene av Savoie (fødd François Eugène18. oktober 166321. april 1736) var ein av dei mest suksessrike offiserane i moderne europeisk historie, og steig i gradene til dei høgaste embeta i staten til keisarhoffet i Wien. Han var fødd i Paris av aristokratiske foreldre frå Savoie, og voks opp kring det franske hoffet til kong Ludvig XIV. Basert på den dårlege fysikken og haldninga hans, var prinsen opphavleg førebudd på ein karriere i kyrkja, men 19 år gammal hadde han bestemt seg for ein militærkarriere. Ludvig XIV ville ikkje at han skulle tene i den franske hæren, så Eugene flytta til Austerrike og vart lojal mot Habsburgmonarkiet.

Prins Eugene av Savoie måla av Jacob van Schuppen i 1718.

Over seks tiår tente Eugene tre tysk-romerske keisarar: Leopold I, Josef I og Karl VI. Han hamna først i strid mot dei osmanske tyrkarane i omleiringa av Wien i 1683 og den påfølgjande store tyrkiske krigen, før han tente i niårskrigen, side om side med syskenbarnet hertugen av Savoie. Prinsen vart kjend med den avgjerande sigeren mot osmanarane i slaget ved Zenta i 1697, som gjorde han kjend over heile Europa. Eugene forsterka ryet sitt under den spanske arvefølgjekrigen der partnarskapen hans med hertugen av Marlborough sikra sigrar mot franskmennene i Blenheim (1704), Oudenarde (1708) og Malplaquet (1709). Vidare hadde han suksess i krigen som keisarleg kommandant i Nord-Italia, mellom anna i slaget ved Torino (1706). Nye fiendskapar mot osmanarane i den austerriksk-tyrkiske krigen stryka ryet hans med sigrar i slaga ved Petrovaradin (1716) og det avgjerande møtet ved Beograd (1717).

Seint i 1720-åra sikra påverknaden og det dyktige diplomatiet til Eugene keisaren mektige allierte i dei striden med Bourbon; men då han var fysisk og mentalt dårlegare på sine eldra dagar, hadde Eugene mindre suksess som øvstkommanderande for armeen i den siste krigen hans, den polske arvefølgjekrigen. Likevel vart det ingen som kunne måle seg i Austerrike med Eugene. Sjølv om det finst forskjellige meiningar om Eugene som person, var det ikkje noko tvil om det han oppnådde. Han hjelpte å hindre Habsburgriket frå å verte erobra av Frankrike, han slo tilbake den vestlege åtaket til osmanarane, han frigjorde Sentral-Europa etter 150 år med tyrkisk okkupasjon, og han var ein av dei store kunstvernarane med bygg ein framleis kan sjå i Wien i dag. Eugene sovna stille inn i heimen sin den 21. april 1736, 72 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eugene av Savoie