Slaget ved Dynekilen
Slaget ved Dynekilen | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av den store nordiske krigen | |||||||
Tordenskjold i Dynekile | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Danmark-Noreg | Sverige | ||||||
Kommandantar | |||||||
Peter Tordenskjold | Olof Strömstierna | ||||||
Styrkar | |||||||
6 skip | 15+ skip | ||||||
Tap | |||||||
76 | ? |
Sjøslaget ved Dynekilen fann stad den 8. juli 1716 under den store nordiske krigen då ein lett dansk-norsk styrke under Peter Tordenskjold fanga og slo ein mindre svensk styrke i Dynekilen, like nord for Strömstad, på vestkysten av Sverige. 80 % av sjømennene og 90 % av soldatane i styrken til Tordenskjold var nordmenn. Svenskane hadde transportert soldatar frå Göteborg til Fredrikstad.
Den dansk-norske flotiljen slo svenskane, som hadde sett opp skipa og båtane sine for forsvar, og øydelagde eit lite øyfort utstyrt med seks 12-punds kanonar. Det største svenske skipet, «Stenbock» overgav seg, etter at dei mindre fartøya rundt gjekk på land og vart forlatne. Ein svensk landstyrke kom så til, og tvinga Tordenskjold bort. Han tok med seg nokre av dei svenske kapra skipa. Resten vart øydelagde. Den dansk-norske styrken tapte 76 mann.
Involvert skip
[endre | endre wikiteksten]Danmark-Noreg (Tordenskjold)
[endre | endre wikiteksten]Hjælper 47 (pram)
Hvide Ørn 30 (fregatt)
Vindhund 16 (fregatt)
Charlotte Amalia 7 (galei)
Louisa 7 (galei)
Prinds Christian 7 (galei)
Sverige
[endre | endre wikiteksten]Stenbock 24 (pram) - Overgav seg
Proserpina 14 (galei) - Kapra
Ulysses 6 (galei) - Kapra
Lucretia 13 (galei) - Kapra
Hecla 13 (galei) - Kapra og øydelagd
Achilles 5 (halvgalei) - Kapra
Pollux 5 (halvgalei) - Kapra
Hector 5 (halvgalei) - Kapra, øydelagd soon after
Castor 5 (halvgalei) - Kapra
? (halvgalei/"dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
? (halvgalei/"dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
? ("dobbelkorvett") - Kapra
? ("dobbelkorvett") - Kapra
? ("dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
? ("dobbelkorvett") - Kapra og øydelagd
transportskip - 19 kapra, 10 øydelagd (talet er usikkert)
eit par væpna båtar - 54 kapra
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Battle of Dynekilen» frå Wikipedia på engelsk, den 21. desember 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Naval Wars in the Baltic 1553-1850 (1910) - R. C. Anderson
- Den norske marinen Arkivert 2005-11-01 ved Wayback Machine.