Hopp til innhald

Omleiringa av Tönning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Tönning
Del av Den store nordiske krigen

Tönning festningsverk
Dato 1.: Mars-august 1700
2.: 1713-februar 1714
Stad Tönning (Tønning), Holstein-Gottorp (dagens Tyskland)
Resultat 1700: omleiringa avslutta, freden i Travendal
1713-1714: Dansk-russisk-saksisk siger
Partar
 Danmark (1700; 1713–1714)
 Kurfyrstedømet Sachsen (1713–1714)
 Russland (1713–1714)
 Sverige
Holstein-Gottorp
Kommandantar
Flagget til Russland Aleksandr Danilovitsj Mensjikov (1713–1714) Fredrik IV av Holstein-Gottorp (1700)
Flagget til Sverige Nils Gyllenstierna (1700)
Flagget til Sverige Magnus Stenbock (1713–1714)
Styrkar
36 000 (1713–1714) 9 000 svenskar (1713–1714)
1600 holsteinarar (1713–1714)
Den store nordiske krigen

Under den store nordiske krigen vart festninga i Tönning (Tønning) i området Holstein-Gottorp, ein alliert av Det svenske imperiet, kringsett to gonger: Danmark-Noreg vart tvungen til å avslutte den første omleiringa i 1700, men ein samla styrke av koalisjonen mot Sverige klarte å kringsette og ta Tönning i 1713–1714.

Den første omleiringa var ei av dei første militære handlingane i den store nordiske krigen. Danmark-Noreg, Sachsen-Polen-Litauen og Russland hadde vorte samde om å invadere Det svenske imperiet på tre frontar, og danske styrkar rykte derfor inn i Holstein-Gottorp,[1] som var allierte med slektskapsband til kongefamilien i Sverige.[2] Dei starta kringsettinga av Tönning i mars 1700.[1] Omleiringa vart avslutta då Karl XII av Sverige, med støtte frå Dei maritime maktene, i eit overraskande trekk sette ein arme utanfor København, og tvinga Fredrik IV av Danmark-Noreg ut av krigen med freden i Travendal den 18. august 1700.[3] Danmark kom først inn i krigen i igjen i 1709 som følgje av det svenske nederlaget i Poltava.[4]

1713–1714

[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1713 vart styrkar frå Det svenske imperiet og Holstein-Gottorp kringsett av ein samla russisk og saksisk-polsk arme i ei lomme rundt Tönning. Den svenske styrken bestod av restane av den 16 000 mann store armeen til Magnus Stenbock som hadde brote ut av Stralsund-lomma, og ignorert ordre om å marsjere inn i Polen. Han slo ein dansk arme i slaget ved Gadebusch og følgde etter restane av dei inn i Holstein. Dei russiske og saksisk-polske allierte av Danmark sende 36 000 soldatar etter Stenbock.[5]

I februar 1713 braut den mindre hertugen Karl Fredrik av Holstein-Gottorp[6] den sjølvutnemnde nøytraliteten sin[7] og gav Stenbock vern og hjelpeutstyr ved festninga si i Tönning i vente på støtte frå Dei maritime maktene, slik dei hadde gjort i 1700. Dei maritime maktene blanda seg ikkje inn, og med framleis 9 000 mann att, gjekk Stenbock tom for forsyningar. Då matsituasjonen forverra seg og 2800 svenskar vart sjuke, overgav Stenbock seg den 16. mai 1713.[8]

Den 1600 mann sterke garnisonen frå Holstein i Tönning festning heldt ut[8] fram til 7. februar 1714.[9] Danske styrkar fekk total kontroll over Holstein-Gottorp etter ordre frå kongen den 13. mars 1713,[7] då dei siste lojale holsteinarane for Sverige vart fanga i 1715.[8] etter at Tönning overgav seg, vart festningsverka og palasset jamna jorda fram til 1735.[10]

Görtz

Avgjersla til hertugen av Holstein-Gottorp om å opne Tönning for Stenbock samt å meklarverksemda under den svenske overgjevinga er tilskriven baron Georg Heinrich von Görtz, ein diplomat i hoffet til Karl Fredrik. Dei svenske fangane vart delt likt mellom dei sigrande maktene, tras i ordrane den russiske kommandanten Aleksandr Danilovitsj Mensjikov hadde fått frå tsar Peter den store om å sikre Russland den største parten, sidan russarane hadde medverka med den største kontingenten til den samla armeen. Dette førte til rykte om at Mensjikov vart muta av Görtz.[6]

  1. 1,0 1,1 Frost (2000), s.228
  2. Frost (2000), s.227
  3. Frost (2000), s.229
  4. Frost (2000), s.294
  5. Wilson (1998), s.139
  6. 6,0 6,1 Bushkovitch (2001), s.310
  7. 7,0 7,1 Jakubowski-Tiessen (1983), s.157
  8. 8,0 8,1 8,2 Wilson (1998), s.140
  9. Jakubowski-Tiessen (1983), s.158
  10. Klose (1958), s.259
  • Denne artikkelen bygger på «Siege of Tönning» frå Wikipedia på engelsk, den 6. desember 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Bushkovitch, Paul (2001). Peter the Great. The struggle for power, 1671-1725. New studies in European history. Cambridge University Press. ISBN 0521805856. 
    • Frost, Robert I (2000). The Northern Wars. War, State and Society in Northeastern Europe 1558-1721. Longman. ISBN 978-0-582-06429-4. 
    • Jakubowski-Tiessen, Manfred (1983). Der frühe Pietismus in Schleswig-holstein. Entstehung, Entwicklung und Struktur. Arbeiten zur Geschichte des Pietismus (på tysk) 19. Vandenhoeck & Ruprecht. ISBN 3525558023. 
    • Klose, Olaf (1958). Handbuch der historischen Stätten Deutschlands: Bd. Schleswig-Holstein und Hamburg, hrsg. von O. Kolse Band 1 von Handbuch der historischen Stätten Deutschlands (på tysk). Kröner. 
    • Wilson, Peter Hamish (1998). German armies. War and German politics, 1648-1806. Warfare and history. Routledge. ISBN 1857281063.