Slaget ved Nöteborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slaget ved Nöteborg
Del av den store nordiske krigen

Oresjek festning i dag
Dato September-oktober 1702
Stad Nöteborg i Ingermanland (dagens Sjlisselburg i Leningrad oblast i Russland)
Resultat Russisk siger
Partar
Flagget til Sverige Det svenske imperiet Flagget til Russland Det russiske tsardømet
Kommandantar
G. V. Schlippenbach Boris Sjeremetev
Styrkar
250
Tap
210 drepne eller skadde Om lag 6 000 drepne eller skadde.
Den store nordiske krigen

Slaget ved Nöteborg var eit slag i den store nordiske krigen. Det fann stad september-oktober 1702 mellom den svensk garnisonen under overløytnant G. V. Schlippenbach og russiske styrkar under Boris Sjeremetev. Bygginga av festningsverket måtte derfor avbrytast. Svenskane forsvarte festninga med om lag 250 mann under ein ti dagar lagn eldperiode frå russrane, som tapte 6000 mann. Den 13 oktober 1702, då talet på forsvarar var nede i 40 mann og festninga var altfor øydelagd, vart svenskane tvungen til å kapitulere.

Trass i det store nederlaget i slaget ved Narva i 1700, marsjerte den russiske tsaren Peter den store inn i svenske Ingermanland og gjekk til åtak på den befesta øya Nöteborg i Ladogasjøen, der elva Neva renn ut nær Novgorod. Den vesle svenske garnisonen fall, og Peter endra namnet på festninga til Schlusselberg (Nøkkelen). Sidan drog han vidare ned Neva til Nyenskans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]