Trefninga i Bender

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Trefninga i Bender
Del av den store nordiske krigen
Charlex XII at Bender crop.jpg
Trefninga målt i 1894
Dato 1. februar 1713
Stad Bender i Det osmanske riket (dagens Moldova)
Resultat Osmansk siger
Partar
Naval Ensign of Sweden.svg Sverige Fictitious Ottoman flag 2.svg Det osmanske riket
Kommandantar
Karl XII av Sverige  #
Styrkar
1 000 mann, der 45 deltok 10 000 [1]
Tap
Over 500 fanga, inkludert Karl XII [2] 50-100 døde, ukjende skadde
Den store nordiske krigen

Trefninga i Bender eller kalabaliken i Bender kom til då Det osmanske riket ønskte å fjerne Karl XII av Sverige frå området sitt etter det militære nederlaget hans i Russland. Trefninga fann stad den 1. februar 1713 på osmansk territorium, i det som i dag er byen Bender i Moldova.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Etter det svenske nederlaget i slaget ved Poltava den 27. juni 1709 og overgjevinga av det meste av den svenske armeen i Perevolotsjna tre dagar seinare, flykta Karl XII av Sverige i lag med fleire hundre svenske soldatar og fleire kosakkar til Det osmanske riket, der dei oppheldt seg totalt i fem år.

Trefninga i Bender starta offisielt den 31. januar 1713 då tyrkisk artilleri byrja å fyre mot den svenske leiren. Den 1. februar gjekk dei osmanske styrkane til åtak på leiren.

I lag med 40 soldatar klarte Karl XII å halde stand mot fleire hundre tyrkarar. Livvakten Axel Erik Roos utmerkte seg særleg under trefninga og i følgje soga redda han livet til kongen tre gonger i løpet av dagen. Kongen sjølv dra minst ein osmansk soldat med sverd i nærkamp då han og Roos vart angripe og tre osmanarar. Under delar av kampen nytta òg Karl ein karabin frå for å skyte mot fienden frå vindauge i rommet han sov i. Kampen varte i over sju timar og osmanarane nytta etter kvart både artilleri og eldpiler då det første åtaket vart slått tilbake og den siste metoden viste seg å vere meir effektiv. Brannpilene sette taka på bygningane i brann og tvinga svenskane ut. Kampen enda då kongen snubla i sin eigen spore då han sprang ut av eit brennande hus. Han vart angripen av mange osmanske soldatar som klarte å fange han og dei gjenverande soldatane.[3]

Etter ei tid som fange, vart Karl XII og soldatane hans sleppte fri då nyhenda om den svenske sigeren i slaget ved Gadebusch nådde osmanarane. Karl starta då å planlegge reisa attende til Sverige.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det tyrkiske ordet for «gjeng» eller «tumult» er kalabalık, som etter hendinga har vorte eit svensk lånord, kalabalik, som tyder «forvirring» eller «stor uorden».

I populær kultur[endre | endre wikiteksten]

Trefninga i Bender var inspirasjonen til Mats Ahren-komedien Kalabaliken i Bender frå 1983. Sjølv tidleg i 1920-åra vart det laga filmar med scenar frå trefninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liljegren, B., 2000. Karl XII: En biografi. s 213.
  2. Liljegren, B., 2000. Karl XII: En biografi. s 213.
  3. http://www.kungkarl.se/turkiet.htm