Slaget ved Niså

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Niså
Harald Hardraades saga-70 aarer-W. Wetlesen.jpg
Storskipet på 35 rom som kong Harald nytta under slaget ved Niså.
Teikning av Wilhelm Wetlesen (1899)
Dato 1062
Stad Ved elva Niså (Nissan) i Halland
Krigsårsak Strid om herredømet over Danmark
Resultat Dansk nederlag
Partar
Noreg Danmark
Kommandantar
Harald Hardråde
Håkon Ivarsson jarl
Svein Estridsson
Finn Arnesson
Styrkar
Norsk flåte på 150 skip Dansk flåte på 300 skip
Tap
Skjalg Erlingsson fall,
elles ukjende tap
70 skip rydda for menn
Resten av flåten rømde

Slaget ved Niså var eit sjøslag som stod i 1062 ved munninga av elva Nissan i Halland, på sørvestkysten av Sverige, mellom ein dansk hærflåte under leiing av kong Svein Estridsson[Note 1] og ein norsk flåte under leiing av kong Harald Hardråde.

Bakgrunnen for slaget[endre | endre wikiteksten]

Ikkje lenge etter at Magnus den gode var blitt dansk konge i 1042, hadde Svein Estridsson gjort opprør for å freiste å vinne herredømet over Danmark. Han hadde lite hell med krigføringa og i nær tjue år låg han i krig med den norske kongen, først Magnus den gode og seinare mot Harald Hardråde. Då kong Magnus døydde i 1047, vart likevel Svein Estridsson teken til dansk konge. Kong Harald aksepterte ikkje dette og gjorde krav på Danmark som arv etter kong Magnus. I 17 år heldt krigane fram; kong Harald fekk jamnast siger men kong Svein kom seg alltid undan, og ei endeleg avgjerd kom ikkje før i 1064.

Vinteren og våren 1062 kalla kong Harald Hardråde ut leidangen for å gjere ei ny hærferd til Danmark. Med ein stor styrke segla han sør til landegrensa (Göta älv), og han heldt våpenting ved Tumla (norrønt Þumla)[1], der det var gjort avtale med kong Svein om at dei skulle møtast for å halde slag.

Men den danske flåten kom ikkje, og kong Harald «let bondehæren fara heim att». Med resten av styrken segla han sør langs med landet til Halland, der han herja vidt og breitt. Både i sogene og i skaldekvada blir det opplyst at han hadde ein flåte på 150 skip[Note 2], mellom dei var eit busseskip på 35 rom[Note 3] som han hadde late bygge i Nidaros om vinteren. Då kom kong Svein mot dei med ein stor flåte; i kvadet «Nisåviser» seier skalden at dei hadde tre hundre skip[Note 4]. Mange i den norske flåten ville røme, då dei tykte at overmakta var for stor, men kong Harald baud dei ordne hæren for å legge til slag. Skalden Stein Herdisson sa dette i kvadet «Nisåviser»[2]:

Heldr kvað hvern várn skyldu
hilmir frægr an vægja
(menn brutu upp) of annan
(ǫll vôpn) þveran falla.
Den fræge konge kvad,
heller enn å gi oss
skal vi alle falle,
den eine ovanpå den andre.

Om lag samstundes som slaget tok til, kom hovdingane Håkon Ivarsson og Finn Arnesson seglande (kanskje var dei på heimtur etter å ha vore på ei sjøferd i saman). Begge var tidlegare blitt usamde med kong Harald[Note 5], og hadde teke tilflukt hjå kong Svein i Danmark. Finn Arnesson var på denne tida danskekongen sin jarl i Halland, og han slutta seg straks til den danske flåten. Håkon Ivarsson[Note 6] vegra seg for å kjempe mot sine eigne landsmenn, og med sine ti skip slutta han seg til den norske flåten.

Slaget[endre | endre wikiteksten]

Landskapet Halland var tidlegare eit dansk len. Elva Niså (i dag Nissan) renn ut i havet ved Halmstad.
Håkon Ivarsson talar med Vandråd (kong Svein). Teikning av Wilhelm Wetlesen (1899)

Sjølve slaget stod ved utløpet av elva Niså (i dag Nissan ved Halmstad) og det er blitt detaljert skildra i mange av dei norrøne sogene, og i mange skaldevers. I Fagerskinna[3] blir det sagt at slaget tok til Lavransmessedagen[Note 7], seint om kvelden, og det vart ein hard strid som varte heile natta. Kong Harald stod i framrommet på skipet sitt og skaut, slik det er skildra av skalden Tjodolv Arnorsson i diktet «Sexstefja»:

Alm dró upplenzkr hilmir
alla nôtt inn snjalli;
hremsur lét á hvítar
hlífr landreki drífa.
Den opplandske kongen (Harald)
Skaut heile natta med bogen;
modige fyrsten let pilene drive
mot dei kvite skjolda

Etter det sogene fortel, var skipa i begge hærstyrkane bundne saman, men det er òg sagt at skipa til Håkon Ivarsson «leika lause»; dei rodde omkring og hjelpte til, der det trongst mest. Det vart eit hardt slag og mannefallet var stort, sjølv om ingen av sogene nemner konkret kor mange som miste livet[Note 8]. Ut på morgonen vart det klart at nordmennene hadde fått siger og storparten av dei danske hærmennene hadde rømt frå slagstaden. Saxo Grammaticus[4] skildra det slik (dansk omsetjing) «..forlod saa deres Skibe og flygtede gjennem uvejsomme Egne til Spot og Skjændsel, saa længe Danmark bestaar, …» I diktet «Sexstefja» sa skalden Tjodolv Arnorsson det slik:

Sogns kvôðu gram gegnan
glæst sjau tøgu it fæsta
senn á svipstund einni
Sveins þjóðar skip hrjóða.
Det er fortalt
at Sogns djerve konge rydda
minst 70 av Svein sine skip
i ei snarvending.

Kong Svein Estridsson kom seg unna, slik som han alltid hadde greidd det før i krigane mot nordmennene. Mellom andre i «Soga om Harald Hardråde», finn ein Snorre si forteljing (episoden med Vandråd[5] - kapittel 64) om korleis kong Svein fekk hjelp av Håkon Ivarsson til å røme frå slaget. Det er grunn til å tru at skildringa bygger på ei sann hending.

Etter slaget[endre | endre wikiteksten]

Snorre skreiv i Soga om Harald Hardråde[5] (kapittel 66,68), at kong Harald gav heimlov til mannskapet sitt etter slaget, sjølv sat han den vinteren i Oslo.

Finn Arnesson var blitt teken til fange i slaget[Note 9]. Det var stort slektskap mellom Finn Arnesson og kong Harald Hardråde[Note 10], og kongen sette han fri. Truleg reiste Finn attende til lenet sitt i Halland; han var ein gamal mann på denne tida og døydde truleg berre eit par år seinare.

Håkon Ivarsson fekk først mykje skryt for innsatsen sin i slaget, men då det kom for dagen at det var han som hadde berga livet til kong Svein, sende kong Harald folk for å finne og drepe han. Håkon Ivarsson kom seg unna og reiste deretter ut av landet. Han fór først til kong Stenkil i Sverige og seinare reiste han til kong Svein i Danmark. Slik det er nemnt i Morkinskinna[6] (side 225), vart han dansk jarl i Halland, etter at Finn Arnesson var død.

Etter slaget ved Niså gav kong Harald Hardråde opp freistnadane på å erobre Danmark. Truleg i 1064 vart det gjort ein fredsavtale mellom han og kong Svein Estridsson, og begge skulle styre kvar sitt rike, slik det hadde vore før. Kong Harald hadde dermed ryggen fri for å gjere krav på det han meinte var den andre arveluten etter kong Magnus den gode: det engelske riket.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Niså er skildra i mange av dei norrøne sogene, mellom andre i Heimskringla, i Soga om Harald Hardråde[5], i Fagerskinna[3], og i Morkinskinna[6]. Slaget er òg nemnt av Saxo Grammaticus i sogeverket «Danmarks historie» (Gesta Danorum)[4] .

Opplysningar som slaget finn vi òg i mange, samtidige skaldekvad: i «Nisåviser»[7] og «Ulfsflokk»[8] av Stein Herdisson[Note 11], i «Sexstefja»[9] og «Dikt om leidangen til Harald Sigurdsson»[10] av Tjodolv Arnorsson, i «Stuvsdråpa»[11] av Stuv Blinde, og i «Haraldsdråpa»[12] av Arnor jarlaskald.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Svein Estridsson (1019-1076) var dottersonen til Svein Tjugeskjegg, og blir rekna som dansk konge etter at Magnus den gode døydde i 1047.
  2. I skaldekvadet «Nisåviser» seier skalden at dei hadde «halvt annat hundre langskip» (halft annat hundrað langra skipa). Det uvisst om ein skal tolke dette til «storhundre»; i så fall var flåten på 180 skip.
  3. I eit skaldekvad av Tjodolv Arnorsson er det nemnt at «årekeipane ber sytti årar» (þars heldr til varra, hár sjau tøgum ára).
  4. I kvadet står: þrimr hundruðum - det uvisst om ein skal tolke dette til «storhundre»; i så fall var flåten på 360 skip.
  5. Håkon Ivarsson: fordi han var blitt lurt av kong Håkon då han ikkje fekk jarletittel, slik at han kunne gifte seg med Ragnhild Magnusdotter. Finn Arnesson: fordi kong Harald med overlegg hadde sendt broren, Kalv Arnesson, i døden.
  6. I nokre av sogene, m.a. i Heimskringla, blir Håkon Ivarsson nemnt som kong Harald sin jarl. Det rette er truleg at han aldri vart norsk jarl, derimot dansk jarl i Halland (etter at Finn Arnesson var død, ca 1065.)
  7. Dagen for lavransmesse, eller larsok, er 10. august.
  8. I Morkinskinna side 211, er det nemnt at hovdingen Skjalg Erlingsson, sonen til Erling Skjalgsson, fall i dette slaget
  9. Skalden Tjodolv Arnorsson nemner i diktet «Sextefja» (vers 17), at Finn vart teken til fange (vígbjartr Fiðr Árnasonr varð fenginn í miðri fylkingu).
  10. Finn Arnesson var gift med Bergljot Halvdansdotter, som var brordotter til kong Harald. Brordotter til Finn var Tora Torbergsdotter, som var kona til kong Harald.
  11. Skalden Stein Herdisson var med i slaget, om bord på skipet til frenden sin, Ulf Uspaksson (Ulf Stallare).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eit dikt av Tjodolv Arnorsson, der er nemnt Tumla: no Tumlahed sørvest på Hisingen
  2. Nisåviser av Stein Herdisson, 1. verset
  3. 3,0 3,1 Fagrskinna v/Unger og Munch (1847) norrøn tekst
  4. 4,0 4,1 Danmarks historie av Saxo Grammaticus (dansk omsetjing)
  5. 5,0 5,1 5,2 Soga om Harald Hardråde Snorres kongesoger, red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  6. 6,0 6,1 Morkinskinna (norrøn tekst) ved Finnur Jónsson, København 1932
  7. Nizarvísur av Stein Herdisson - om førebuingane til slaget, og om sjølve slaget med relativt detaljerte opplysningar.
  8. Úlfsflokkr av Stein Herdisson – rest av eit dikt, truleg ei arvedråpa om Ulf Uspaksson
  9. Sexstefja av Tjodolv Arnorsson
  10. Om leidangen til Harald Sigurdsson av Tjodolv Arnorsson
  11. Stuvsdråpa av Stuv Blinde
  12. Haraldsdrápa av Arnor Jarlaskald - ei arvedråpa om kong Harald Hardråde

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]