Slangeøya i Svartehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slangeøya
Lokalt namn Ostriv Zmijinij
Geografi
Stad Svartehavet
Koordinatar 45°15′N 30°12′EKoordinatar: 45°15′N 30°12′E

Areal 0.17 km² km²

Høgaste punkt 41 moh.
Administrasjon
Land Ukraina
Oblast
Raion
Odessa
Kilija

Demografi
Folketal 100

Slangeøya (ukrainsk Острів Зміїний, Ostriv Zmiinyi; rumensk Insula şerpilor) er ei øy i Svartehavet utanfor kysten av Romania og Ukraina, nær Donaudeltaet. Øya høyrer til Kilija raion i Odessa oblast i Ukraina.

Øya er folkesett. Den landlege busetnaden Bile vart grunnlagd der i februar 2007, som er ein del av byen Vylkove i Kilija raion i Odessa oblast.

Øya var årsak til ein strid mellom Romania og Ukraina. Grensa for kontinentalsokkelen rundt Slangeøya vart avgjort i Den internasjonale domstolen i 2009.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya består av kalkstein og ligg 35 km utanfor kysten, aust for munningen av Donau. Øya er forma som ein X og er 662 meter lang og 440 meter brei og dekkjer eit areal på 0,17 km². Det høgaste punktet på øya er 41 meter over havet.

Den næraste staden til Slangeøya er Kubakskyijøya i den ukrainske delen av Donaudeltaet mellom Bystorjekanalen og Vostotsjnojekanalen. Den næraste rumenske byen er Sulina, som ligg 45 km unna. Den næraste ukrainske byen er Vylkove, 50 km unna.

Folkesetnad og infrastruktur[endre | endre wikiteksten]

Det bur om lag 100 innbyggjarar på øya, hovudsakleg grensevakter med familiar og teknisk personell. Sidan 2003 har ein vitskapleg ekspedisjon frå Odessa nasjonaluniversitet òg halde til på øya.

Øya vert for tida demilitarisert og er under rask utvikling. Som følgje av ein avtale frå 1997 mellom Romania og Ukraina har ukrainske styresmakter trekt tilbake ein militær radiostasjon og tatt ned ein militær radar. Alt anna infrastruktur er overført til sivile.

I tillegg vart ein landingsplass for helikopter og eit kaianlegg for skip med kjøl ned til 8 meter bygd i 2002. På øya står eit 150 år gammalt fyr og elektrisk kraft får øya av ein kraftstasjon drive av vind og diesel på øya.

Fyret[endre | endre wikiteksten]

Kart over Slangeøya

Fyret på Slangeøya vart bygd sommaren 1843 av Svartehavsflåten til Det russiske keisardømet. Fyret er ein åttekanta bygning, er 12 meter høg og står på det høgaste punktet på øya, 40 meter over havnivå. Nye lampar frp England vart installert i fyret i 1862 og i 1890-åra vart nye parafinlampar med roterande utstyr og flate linser installert. Dette betra rekkevidda til fyret med opp til 35 km.

Fyret vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen etter luftåtak frå Sovjetunionen og tilbaketrekkande tyske troppar. Det vart bygd opp at mot slutten av 1944 av Odessa militærradio. I 1949 vart det vidare ombygd og utstyrt av Svartehavsflåten. Fleire gonger etter dette har fyret vorte oppgradert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Øya vart av grakarane kalla, Λευκός, Leukós («Den kvite øya»), og på same vis av romarane kalla «Alba», truleg på grunn av dei kvite marmorformasjonane som ligg på øya.

I følgje eit utdrag av den tapte soga om Trojanarkrigen av Arctinus av Milet, vart leivningane av Akilles og Patroklus ført til denne øya av Thetis for å leggast i ein heilagdom. Ruinane av det ein meinte var eit firkanta tempel tileigna Akilles med sider på 30 meter, vart oppdaga av kaptein Kritzikly i 1823. Ovid, som vart forvist til Tomis, nemnde øya, og det same gjorde Klaudios Ptolemaios og Strabo.[2]

Fleire inskripsjonar frå antikken er funne på øya, inkludert eit skriv frå 300-talet f.Kr. frå Olbia i Ukraina som hyllar noko for å ha forsvart og drive bort sjørøvarar som levde på «den heilage øya».

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Grekarane i perioden under Det osmanske riket kalla øya Fidonisi (som på gresk tyder Slangeøya) og øya gav namn til sjølaget ved Fiodnisi. Slaget mellom den osmanske og den russiske flåten fann stad nær øya i 1788 under den russisk-tyrkiske krigen i 1787-1792.

I 1829, etter den russisk-tyrkiske krigen i 1828–1829 vart øya ein del av Det russiske keisardømet fram til 1856. Etter den russisk-tyrkiske krigen i 1877-1878 gav Det osmanske riket øya og regionen Nord-Dobrudzha som tilbakebetaling for at Russland annekterte den sørlege regionen Bessarabia i Romania.

Paristraktaten i 1947 mellom sigerherrane i den andre verdskrigen avstod Nord-Bukovina, regionen Hertza, Budjak og Bessarabia til Sovjetunionen, men nemnde ikkje munningen av Donau og Slangeøya.

Fram til 1948 vart Slangeøya rekna som ein del av den rumenske kystbyen Sulina. I 1948 tvinga sovjetiske styrkar den rumenske sida (okkupert av sovjetiske troppar) til å akseptere ei «overføring» av Slangeøya til Sovjetunionen og i tillegg flytte den rumenske grensa i Donaudeltaet vestover, noko som resulterte i at Sovjetunionen annekterte øya Limba. Romania har sterkt motsett seg denne «avtalen», sidan han aldri vart ratifisert av dei to landa, noko som gjer Limba og Slangeøya til de jure rumensk territorium.

Same året, i 1948 og starten på den kalde krigen, vart ein sovjetisk radarstasjon bygd på øya.

Eigarskapet til Sovjetunionen over Slangeøya vart stadfesta i avtalen mellom regjeringa i Folkerepublikken Romania og regjeringa i Sovjetunionen og signert i Bucureşti i februar 1961. Mellom 1967 og 1987 forhandla Sovjetunionen og Romania om grensesetjinga av kontinentalsokkelen. Rumenarane nekta å godta russarane sitt tilbod om 4000 km² av 6000 km² rundt øya i 1987.

Etter 1991 tok Ukraina kontroll over øya, sjølv om Romania konsekvent hevda at øya burde verte ein del av Romania. I følgje rumenarane vart øya i fredsavtalar i 1918 og 1920 (etter den første verdskrigen) rekna som ein del av Romania, og vart ikkje nemnd i grenseavtalen mellom Romania og Sovjetunionen i 1947.

I 1997 signerte Romania og Ukraina ein avtale som sa at den eksisterande grensa mellom dei to landa ikkje skulle krenkast og ingen av dei kunne krevje endringa i grenseforholda. Romania godtok avtalen sidan det gav gode sjansar for å innlemmast i NATO. Begge sidene var derimot einige om at viss dei ikkje kom til semje om dei maritime grensene innan to år, så kunne begge sider gå til Den internasjonale domstolen for å få ein siste avgjersle.

I 2008 døydde 12 ukrainske grensevakter då helikopteret deira styrta på veg frå Odessa til Slangeøya og berre ein ombord overlevde.[3]

Maritime grenser[endre | endre wikiteksten]

På grunn av plasseringa til øya kan grensene rundt øya endrast dramatisk etter kven som eig ho. Om Slangeøya ikkje er ei øy, men ei klippe, så skal grensa i følgje internasjonal rett ikkje ta omsyn til øya. Om ho derimot vert rekna som ei øy, så vert kontinentalsokkelen rundt øya rekna som ukrainsk farvatn.

Den rumenske sida hevda at Ukraina utviklar øya for å gje ho status som øy (i motsetnad til ei klippe).

16. september 2004 gjekk Romania til sak mot Ukraina i Den internasjonale domstolen for å avgjere striden. Det er oppdaga 10 millionar tonn petroleumsførekomstar under havbotn i nærleiken, men desse mengdene er så små at det berre ville teke 2-3 år å få det opp. BP og Royal Dutch/Shell har signert boreavtalar med Ukraina, medan Total har gjort avtale med Romania. Austerrikske OMV (som eig det største oljeselskapet i Romania, Petrom) har òg signert kontrakt med Naftogaz Ukrainy og Tsjornomornaftogaz i eit samarbeid for å få konsesjon i området.

3. februar 2009 gav Den internasjonale domstolen domen sin, som delte havområdet i Svartehavet langs ei linje som låg mellom kravområda til begge landa.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

I teksten:
  1. International Court of Justice: Maritime Delimitation in the Black Sea (Romania v. Ukraine), arkivert frå originalen 24. september 2008, henta 5. mai 2013 
  2. Geografia, bok II.5.22
  3. Ukrainian helicopter crash kills 12 Arkivert 2014-01-14 ved Wayback Machine., Reuters, Mar 27, 2008
  4. «The Court establishes the single maritime boundary delimiting the continental shelf and exclusive economic zones of Romania and Ukraine» (PDF). International Court of Justice. February 3, 2009. Arkivert frå originalen (PDF) 5. februar 2009. 
Generelt:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Slangeøya i Svartehavet