Hopp til innhald

Slengesol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slengesol
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Postnummer 5960 DALSØYRA[1]
Gardnummer 50
Ferdselsårer Kommunal veg
frå 57[2]
Kart
Slengesol
60°56′06″N 5°10′27″E / 60.935°N 5.17416667°E / 60.935; 5.17416667

Slengesol eller Slengeshol[3] er ein gard i Dalsbygda i Gulen kommune i Vestland fylke. Slengesol har matrikkelnummer 50 i Gulen.[4]

Garden ligg ved ein sideveg til den kommunale vegen mellom Dalsøyra og Norddal, ca. to og ein halv kilometer frå sjøen. Tuna ligg i ei bratt li 109 moh., oppom gardane Dale og Nerdal.[4]

«Maadelig Kornart, tungvunden, men god Udmark.»
«Intet uden hvad af Qvæget erhverves.»

Or opplysningane til matrikkel i 1723
Ivar Kleiva: Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga

Garden er truleg skilt ut frå nabogarden Dale etter innføringa av kristendommen.[4]

1667-matrikkelen

[endre | endre wikiteksten]

I 1667 var skulda til garden 1½ laup og ½ pund smør. Dei hadde 28 naut og to hestar, og det vart sådd ut fem tønner korn, som gav 20 tønner i avling.[4][5]

1723-matrikkelen

[endre | endre wikiteksten]

I 1723 hadde garden tre bruk, men ingen husmenn. Skulda var no 1½ laup smør, og garden hadde verken støl eller skog, men dei hadde to flaumkverner. Av buskap hadde dei 18 kyr, 8 ungnaut, 18 sauer og to hestar. Det vart sådd ut seks tønner korn og hausta inn 21 tønner. Garden var eigd av stiftamtskrivar Svanehjelm og Gjertrud de Fine som eigde halvdelen kvar.[4][5]

Utskifting

[endre | endre wikiteksten]

Utskiftinga mellom bruka skjedde i fleire vender frå 1832 til 1900.[4]

Veg, straum og telefon

[endre | endre wikiteksten]

Slengesol fekk køyreveg i 1928, elektrisk straum i 1945 og telefon i 1954.[4]

Slengesolstølen høyrer til garden, i 1930 hadde bruk ein og tre støl saman, medan bruk to hadde eigen.[6] Eigaren av bruk to hadde vøle på stølshuset i 1994.[4]

Namnet Slengesol har ikkje vorte sikkert tyda, men Ivar Kleiva skriv i bygdeboka for Gulen at namnet kan vere kome av ei samansetjing av dei gamalnorske orda «sleidn», som tyder slakk li eller bakke, og «holl», som tyder rundvoren haug.[4] Oluf Rygh drøftar etymologien til namnet, men gav ikkje noko sikker tyding av namnet i Norske Gaardnavne.[7] I kjelder er desse skrivemåtane registrerte: «Slengesoll (1563), «Slenngesol (1567), «Slengezuld» (1610), «Slengesoell» (1620 og 1667), «Slengsol» (1723) og «Slengessold» (1823).[4]

Statens Kartverk har godkjend skrivemåtane «Slengesol» i 1974 og «Slengeshol» i 1985.[3]

Når gardsnamnet vert nytta som slektsnamn plar det skrivast «Slengesol».

Gardsnamnet Slengesol er ikkje kjent frå andre stader i landet.

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Henta 1. november 2010.
  2. «Nasjonal vegdatabank». Henta 3. november 2010.
  3. 1 2 «yr.no». Henta 1. november 2010.
  4. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Ivar Kleiva (1996). «Slengsol». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga II (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 148.
  5. 1 2 Ivar Kleiva (1996). «Føreord». Gulen i gammal og ny tid : Gards- og ættesoga I (2 utg.). Eivindvik: Gulen kommune. s. 5. [Opplysningane i matriklane er lite etterrettelege. Dei skulle gje grunnlag for utrekning av skatt, og ved samanlikning av matrikkelopplysningane med skifteprotokollar frå same tidsrom ser ein at det i stor grad vart underrapportert, venteleg i von om å få mindre skattebør. Opplysningane om storfe er nokolunde rette, men anna, som småfe, fiske, skog og anna utmarka måtte gje, er ofte unemnt i matrikkelen. Matrikkelopplysningane har likevel interesse, sidan me ikkje har andre kjelder som gjev heile biletet.]
  6. «Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 3. november 2010.
  7. «Om Slengesol hjå Rygh på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Henta 3. november 2010.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Vidare lesnad
  • Ivar Kleiva: «Slengsol» i Gulen i gammal og ny tid : gards- og ættesoga, band ll, side 148-160.