Slovenský kras

Koordinatar: 48°35′N 20°35′E / 48.583°N 20.583°E / 48.583; 20.583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slovakisk Karst i Slovakia

Slovenský kras eller Slovakisk Karst er ei fjellkjede i Dei slovakiske malmfjella i Karpatane, sør i Slovakia. Det består av store karstsletter og platå. Sidan 1973 har området vår del av eit landskapsvernområde og i 2002 vart Slovakisk Karst nasjonalpark oppretta. Det er eit biosfærereservat i UNESCO og grottene i området er innskrivne på UNESCO si verdsarvliste.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Den høgaste toppen er Jelení vrch på 947 moh. Viktige elvar i området er Slaná (Sajó), the Štítnik og Turňa. Slovakiske Karst ligg i den nordlege tempererte sonen og har eit kontinentalklima med fire klåre årstider. Området består av fleire lag kalkstein og dolomitt frå mesozoikum, og under dette sandstein, kalkstein og skifer. Slettene er dekte av eik- og agnbøkskogar, åsar med eikeskog og karstgroper med gran. Lengst nord finn ein bøkeskogar.

Zádielska tiesňava (Zádielkløfta)

Slettene (platåa) inneheld mange karstformasjonar, som karstgroper med diametrar på opp til 250 meter og djup på opp til 45 m, kjegleforma åsar og blinddalar.

Området er kjent for dei mange grottene, som Domicagrotta, Ochtinská aragonittgrotte (Ochtinská aragonitová jaskyňa), Gombasekgrotta (Gombasecká jaskyňa) og Jasovskágrotta (Jasovská jaskyňa). Desse er opne for ålmenta. Andre grotter er Krásnohorskágrotta (Krásnohorská jaskyňa) og Hrušovskágrotta (Hrušovská jaskyňa).

Regionen inneheld karstsjøar og den største av desse er Jašteričie jazero.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Frå vest til aust er fjellområdet inndelt som følgjande:

  • Jelšavský kras
  • Koniarska planina (Koniarskasletta)
  • Plešivská planina (Plešivskásletta)
  • Silická planina (Silickásletta)
  • Turnianska planina (Turnianskasletta); Sjå òg Turňa
  • Horný vrch (Øvrefjellet)
  • Dolný vrch (Nedrefjellet)
  • Zádielska planina (Zádielskasletta)
  • Jasovská planina (Jasovskásletta)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

48°35′N 20°35′E / 48.583°N 20.583°E / 48.583; 20.583