Småsalamander
Småsalamander | |
![]() Småsalamanderhann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() Status i Noreg: ![]() ![]() Utbreiinga av småsalamander | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Amfibium Amphibia |
Orden: | Salamandrar Caudata |
Familie: | Salamandridae |
Slekt: | Lissotriton |
Art: | Småsalamander L. vulgaris |
Vitskapleg namn | |
Lissotriton vulgaris |
Småsalamander eller liten salamander (Lissotriton vulgaris, tidlegare Triturus vulgaris) er eit amfibium som finst i Noreg frå rundt Oslofjorden og langs kysten til Stavanger. I tillegg finst han i Trøndelag og på Helgeland nord til Vefsn.[2]
Småsalamander kan bli 7-10 cm lang. Dyret er brunt, grått eller svart. Det har mørk strek gjennom auget og raudoransje buk med mørke flekkar.
Salamanderen lever i og ved dammar og tjørn. Liten salamander er ikkje like sterkt knytt til vatn som storsalamander.
Raudlistevurdering[endre | endre wikiteksten]
Det finst mange livskraftige bestandar av småsalamander på Austlandet, Sørlandet og i Midt-Noreg, truleg meir enn 3500. Bestandane går tilbake pga. igjenfylling og drenering av yngledammene, forureining, fiskeutsetjing og endra arealbruk nær ynglelokalitetene mm. Spesielt i Rogaland[3] og deler av Viken[4] er det mange bestandar som har gått tapt og nye er trua av utbyggingar. Med bakgrunn i gjennomgang av Noreg i Bilder blir anslått tapt av ynglelokaliteter til å vera litt mindre enn for storsalamanderen (ca 0,5-0,7% pr år)(2016[5]).
Småsalamanderen greier seg lengre i dammar som får redusert storleik pga. igjengroing , drenering eller delvis utfylling, enn storsalamanderen. På grunn av kortare generasjonslengde og fleire bestandar enn storsalamander, blir bestandane vurderte av småsalamanderen derfor å vera livskraftige (LC).
Bestandane er likevel i tilbakegang og bør følgjast nøye.[1]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 Dervo B, Strøm BS og van der Kooij J (24. november 2021). «Amfibier og reptiler: Vurdering av småsalamander Lissotriton vulgaris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 10. mars 2022. Henta 10. mars 2022.
- ↑ Oddane pers. med.
- ↑ Gregersen pers. med.
- ↑ Dervo, B.K., Pedersen, C. og Bærum, K.M. (2016). Tap av ynglelokaliteter for storsalamander i Norge. NINA Rapport 1014: 21 s.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
