Smalkjempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Smalkjempe
Smalkjempe
Smalkjempe
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Maskeblomfamilien Plantaginaceae
Slekt: Kjempeslekta Plantago
Art: Smalkjempe P. lanceolata
Vitskapleg namn
Plantago lanceolata

Smalkjempe (Plantago lanceolata) er ein fleirårig plante i kjempeslekta som har ei sirkumpolar utbreiing .

Planta er om lag 25 cm høg med opprette blad, oftast med lange granne hår. Blada, som er lansettforma, er samla i ein rosett. Stenglane er lodne og femkanta. Akset er avlangt, stundom mest kulerundt. Smalkjempe har gulbrune kronbladflikar og gulkvite mjølknappar. Kapselen har eitt eller to frø, som er rifla på innsida. Planten blømer kring mai. Ha veks på enger, bakkar og turt lende.

I Noreg veks smalkjempe nord til Troms, og er funnen opp til 1000 m høgde i Hol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]