Smar Jbeil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°13′0″N 35°41′0″E
Smar Jbeil
سمار جبيل
by
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Nord guvernement
Distrikt Batroun distrikt
Høgd 480 moh.
Koordinatar 34°13′0″N 35°41′0″E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Smar Jbeil

Smar Jbeil (òg kalla Asmar Jbeil eller Samar Jbeil, arabisk سمار جبيل) er ein landsby i Batroun distrikt i Nord guvernement i Libanon. Han ligg på ein ås med utsyn over Middelhavet, 500 meter over havet. Han er ein av dei ledste landsbyane i Libanon. I mellomalderen søkte maronittar tilflykte her frå fiendane sine.

Smar Jbeil ligg 53 km frå Beirut, 43 km frå Tripoli og 10 km frå Batroun.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Smar kan vere av arameisk opphav: Shemreho som tyder «verje» eller «vernar»[1], og Jbeil som er den næraste kjende kystbyen. Med den strategiske plasseringa i ei open åsside, kan landsbyen og festninga her ha tent som ein framskoten posisjon for forsvaret av Jbeil på nordsida.

Andre meiner namnet kan ha fønikiske røter: Sym som tyder «grav» og Mar som tyder «herre». I så fall kan landsbyen ha vore gravstad for kongane i Jbeil (som er den eldste fønikiske byen, kring 20 km sørvest for Smar Jbeil).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Smar Jbeil er ein av dei eldste landsbyane i Libanon i følgje Henri Lammens i boka Tasrih Al Absar fi Ma Yahtawi Loubnan min al Athar.[2] Her ligg ei særs gammal borg i vestenden av landsbyen, bygd på ein strategisk topp, med utsyn over Middelhavskysten frå Jbeil til Tripoli, og frå austsida over fjella i Libanon, og særleg den kjende Guds seder-skogen nær Bsharri. Borga kan ha fønikisk opphav.

Dei romerske soldatane erobra landsbyen får nordsida under Pompeius den store, truleg under det austlege felttoget hans i 63 fvt.[3] Det står framleis somme romerske statuar i borga, og ruinane av eit romersk amfiteater.

Maronittane og armeen deira (maradittane) kom til Smar Jbeil for å søke tilflukt etter hundreår med forfølgjing av bysantinarane i Syria. Dei tok kontroll over borga og sette inn patriarken sin der. Den førte patriarken, St. Johannes Maron (685 evt.) budde i Smar Jbeil-borga før han flytta til Kfarhay.

Arabarane invaderte landsbyen etter å ha slått Austromarriket på 800-talet og kontrollerte landsbyen fram til krossfararane gjekk til åtak på dei frå Middelhavet. Krossfararane øydela den gamle borga og bygde ei ny kalla Chateau Fort (Den sterke borga) på grunn av den strategiske plasseringa. Dei bygde ei ny kyrkje på søraustsida av borga. I tillegg bygde dei om den gamle kyrkja St. Nohra, som ijgen var bygd over ruinane av eit gammalt, romersk tempel. Dei la til nokre romersk-aktige konstruksjonar til kyrkkja. Kyrkja har framleis ein krossfararkross over den vestlege inngangen. Etter krosstoka hamna landsbyen under mamelukkane på 1200-talet.

Mamelukkane vart slått i 1516 av osmanarane. Osmanarane under sultan Selim I invaderte regionen og bygde ein moské ved austsida av borga. Landsbyen fekk attende den maronittiske identiteten sin i hundreåret etter og moskeen vart omgjort til ein bustad.

Borga[endre | endre wikiteksten]

Borga vart bygd i sentrum av landsbyen, på ein ås med utsyn over heile nabolaget. Dei fleste historikarane meiner borga vart bygd av fønikarane, og var under persisk kontroll i 555 fvt. Ho gjekk vidare til Aleksander den store i 331 fvt. I mellomalderen tok maronittane og armeen deira, maradittane, borga som tilfluktsstad og var setet for den første maronittisk-katolske patriarken St. Johannes Maron før han flytta til Kfarhay. Maradittane gjekk til motåtak på fiendane deira frå Smar Jbeil og dei vann slaget i Amyoun (30 km nord) medan dei forsvarte partiarken sin.

Borga hadde eit hovudtårn der ein kunne sjå heile Middelhavskysten frå Jounieh til Tripoli frå. I boka si Tarikh Al Azminah, forklarer patriarken Estephan El Douaihy (1670–1704) korleis hovudtårnet vart øydelagd:

Sundag 25. november 1630 kl. 0300 råka eit kraftig jordskjelv borga og øydela midttårnet frå dei fire hjørna. Det øydela òg alt som var i den nedre kjellaren.[4]

Borga har mange brunnar bygd i stein. Det finst òg mange tunnellar som knyt borga til nabodalane.

Kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Den gamle kyrkja St. Bassil og Nohra står midt i landsbyen. Dei er bygd av ei blanding av element frå eit romersk tempel og somme seinare material, hovudsakleg frå mellomalderen. Kyrkja vart renovert først av krossfararane og sidan av maronittane. Den siste renovasjonen fann stad seint på 1800-talet, der ei steinkjede vart lagt til hovudinngangen. St. Nohra var ein prest frå Manhour i Egupt, som kom for å preike i Batroun i den tidlege kristendomen. Då han nådde byen, vart han beden av kongen der å fornekte Jesus. Han nekta dette og heldt fram å preike i heile byen. Han vart tekne til fange av kongen , drepen og gravlagd i ein av brunnane i borga. Brunnen har sidan vorte eit helgenskrin sidan den gong.

Like ved St. Nohra, står eit gammalt, lite kapell i ruinar, med ein enkel nav. Ein trur at denne kyrkja er eldre enn St. Nohra-kyrkja.

Mindre enn 500 meter frå St. Bassil og Nohra-kyrkja ligg St. Takla-kyrkja, som er ei mindre, men særs gammal kyrkje som framleis vert nytta av innbyggjarane.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moubarac, Y. (1984), Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk, Volume 2, Part 2, éditions Cénacle Libanais, Beirut. OCLC 58616233 - page 722
  2. Lammens, H. (1982). Tasrīḥ al-abṣār fī mā yaḥtawī Lubnān min al-āthār. Lubnān: Dār al-Rāʼid al-Lubnānī. OCLC 11259881 - side 91, 106 og 123-125
  3. Moubarac, Y. (1984), Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk, Volume 2, Part 2, éditions Cénacle Libanais, Beirut. OCLC 58616233 - page 722
  4. El Douaihy, patriark Estephan, Tarikh Al Azminah, i version of the Abbot Boutros Fahd, editions Dar Lahd Khater, Beirut – 3rd Edition. OCLC 41272562 - page 497
  5. Moubarac, Y. (1984), Pentalogie Antiochienne / Domaine maronittisk, Volume 2, Part 2, éditions Cénacle Libanais, Beirut. OCLC 58616233 - page 722