Snauveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snauveronika
Snauveronika
Snauveronika
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Maskeblomfamilien Plantaginaceae
Stamme: Veroniceae
Slekt: Veronikaslekta Veronica
Art: Snauveronika V. serpyllifolia
Vitskapleg namn
Veronica serpyllifolia

Snauveronika (Veronica serpyllifolia er ei plante i maskeblomsterfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Snauveronika er om lag 15 cm høg. Stengelen er krypande med opprette skott, snaue eller korthåra. Planta har lysgrøne snaue blad. Ho har oftast rikblomstra klase med 4-5 mm breie blomstrar. Desse har kvite eller bleikblå kronblad med mørke årer. Frukta er ein brei kapsel med tverr grunn, oftast kjertelhåra.

Snauveronika blømer kring juni i Noreg. Planta veks på fuktige grasgrodde stader og er vanleg gjennom det meste av landet, men sjeldan lengst i nord. Arten er funnen opp til 1225 m høgde på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.