Solomon Lozovskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Solomon Lozovskij

Solomon Lozovskij (på russisk Соломон Лозовский), 18781952) var ein ukrainsk jødisk kommunist, ein kollega av Vladimir Lenin, og ein framståande person i den sovjetiske regjeringa og den sovjetiske fagorganisasjonen. Han var au leiar i avdelinga for internasjonale samband ved den høgre partiskolen. Han vart fødd i 1878 i Ukraina og vart medlem av bolsjevik-fraksjonen i Russlands Sosialdemokratiske Arbeidarparti, det seinare kommunistpartiet, i 1901.

Lozovskij var generalsekretær i Profintern, den Raude Faglege Internasjonalen, frå 1921 til 1937. I 1939 var Lozovskij ein av tre viseutanriksministrar under utanriksminister Vjatsjeslav Molotov. Under krigen var han aktiv i den regjeringsstøtta Jødiske Anti-Fascistiske Komitéen. Han vart arrestert og truleg torturert under den antisemittiske kampanjen Josef Stalin sette i gang ca 1950.

Trass i eit veldig press, vedgjekk Lozovskij aldri skuld og impliserte aldri andre under rettssaka, som au har vorte kalla den siste Moskvaprosessen. Den stenografiske rapporten frå rettssaka vart offentleggjord i 1994.

Lozovskij vart avretta den 12. august 1952 saman med 13 andre tidlegare medlemmer av Den Jødiske Anti-Fascistiske Komitéen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]