Solparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solparakitt
Solparakitt i ein fuglepark i Singapore Foto: Michael Gwyther-Jones
Solparakitt i ein fuglepark i Singapore
Foto: Michael Gwyther-Jones
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Solparakitt
Utbreiinga av Solparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Psittacinae
Slekt: Aratinga
Art: Solparakitt A. solstitialis
Vitskapleg namn
Aratinga solstitialis

Solparakitt (Aratinga solstitialis) er ein mellomstor, kraftig farga papegøye som er stadeigen til eit lite, avgrensa område i nordaustlege Sør-Amerika. Hannar og hoer har same utsjånad, med gyllengul som dominerande farge i fjørdrakta og oransje underside og kinn. Solparakittar er særs sosiale fuglar, som vanlegvis lever i flokkar. Dei dannar monogame par for reproduksjon, og hekkar i hòlrom i palmar. Dei blir ofte avla i fuglerøkt og kan leve opptil 30 år i fangenskap.

Arten er under stort press, truga av fangst til burfuglhandel. Populasjonen i naturen er i tilbakegang og tel mindre enn 4000 individ.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengde for solparakittar rundt 30 centimeter. Kjønna har lik fjørdrakt, vaksne fuglar med kraftig gulfarge på krona (oversida av hovudet), på nakke, skuldrer, dei små vengdekkfjørene, tuppane på dei store vengdekkfjørene, brystet og buken. Andletet og buken er oransje med raudt rundt øyra. Basen av dei store vengdekkfjørene, samt tertialane og basen av handsvingfjørene er grøne, medan armsvingfjørene, tuppane på handsvingfjørene og dei fleste primærdekkfjørene er mørkeblå. Halen er olivengrøn med ein blå tupp. Sett frå undersida er alle flygefjørene mørkegrå. Nebbet er svart. Beina og augeringen er grå, men sistnemnde glir ofte til kvitt i fuglerøkt. Solparakitten er overflatisk lik gullparakitt, som skil seg mellom anna med bleikt nebb.

Juvenile solparakittar viser ein gjennomgåande grøn fjørdrakt, og liknar svovelparakittar på tilsvarande alder. Den karakteristiske gule, oransje og raudaktige fargen på ryggen, buken og hovudet blir utvikla med aukande mognad.

Utbreiingsområdet for solparakittar er skildra som eit avgrensa område i nordaustlege hjørnet av Roraima i det nordvestlegaste Brasil og inn i tilgrensande sørvestlege Guyana.[1] Det litle leveområdet er no mykje fragmentert fordi populasjonen er så kraftig uttynna og redusert.[2]

Dei eksakte økologiske krava til habitat er framleis relativt dårleg kjente. Dei er rapporterte i opne savannar, savanneskogar og andre dels skogkledde område, ved utkanten av fuktige skogar - gjerne sesongmessige overfløymde skogar.

Som andre medlemmar av slekta Aratinga, er solparakitten mykje sosial og trivst i store flokkar på 20 til 30 individ. Dei forlèt sjeldan flokken sin. Flokkar er relativt stille medan dei beitar, men er kjente for å vere veldig vokale og gjere høge lydar når dei er i flukt. Dei er snøgge, med direkte flukt og kan flytte seg mange kilometer på ein enkelt dag. Elles er relativt lite kjent om åtferda deira i naturen. Føda er lite kjent, men inkluderer frukt og bær.

Status[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er truga av fangst for burfuglhandel. Status for solparakittar er frå 2008 registrert som truga av IUCN. Habitatstap kan vere medverkande til nedgangen av populasjonen.[2] Estimat for populasjonen er per 2018 1500 til 4000 individ, sannsynlegvis færre enn 2500, dei fleste i Brasil, og innanfor eit avgrensa, avtakande og fragmentert område.[2]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Solparakitten var ein av dei mange artane som Linné opphavleg skildra på 1700-talet, i Systema Naturae. Som Linné gjorde med mange av papegøyane han skildra, plasserte han denne arten i slekta Psittacus, men arten har sidan blitt flytta til den allment aksepterte Aratinga, som inneheld ei totalt seks liknande artar, medan Psittacus no er avgrensa til ein einaste art, den afrikanske jako. Det spesifikke epitet solstitialis er avleidd frå latinsk for sommar ('solstitium' > sommar[3]) og refererer til den gylne fjørdrakta.

Solparakitten er monotypisk, men Aratinga solstitialis-komplekset inneheld tre ekstra artar frå Brasil: jandayaparakitt, A. jandaya, eldkroneparakitt, A. auricapillus og svovelparakitt, A. maculata. Alle tre har tidvis blitt vurderte som underartar av solparakitten, men dei siste vurderingane opprettheld statusen som separate artar. Alternativt har solparakitten og svovelparakitt tidlegare blitt foreslått å representera ein art, medan jendayaparakitten og eldkroneparakitten i det fallet representerer ein annan art. Solparakitt, jandayaparakitt og eldkroneparakitt vil alle krysse i fuglerøkt, sannsynlegvis òg svovelparakitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Collar, N., Boesman, P. & Sharpe, C.J. (2018) Sun Parakeet (Aratinga solstitialis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 7. april 2018
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2018) Species factsheet: Aratinga solstitialis. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. april 2018
  3. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 359. ISBN 978-1-4081-2501-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Solparakitt