Gullparakitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gullparakitt
Gullparakitt
Gullparakitt
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Gullparakitt
Utbreiinga av Gullparakitt
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Guaruba
Art: Gullparakitt G. guarouba
Vitskapleg namn
Guaruba guarouba

Gullparakitt (Guaruba guarouba) er ein neotropisk papegøye som lever i nedre Amazonasbassenget i det indre av det nordlege Brasil. Verdas naturvernunion, IUCN, har kategorisert arten som sårbar. Han er trua av avskoging, flaum og ulovleg fangst for burfuglhandel, og er oppført på artslista i CITES-vedlegg I.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne store parakitten har ei karakteristisk, hovudsakleg knallgul fjørdrakt, supplert med grøne remiger og ein heilgul hale.

Parakitten måler ca. 34 cm, han har bleikrosa, berre augeringar, brune iris og rosa bein. Det store nebbet er hornfarga. Hannar og hoer har identisk ytre utsjånad, medan ungfuglar viser matte farger med meir grøn fjørdrakt. Utbreiingsområdet til arten spenner over nedre, austre Amazonasbassenget, spesielt mellom elvane Tocantins, nedre Xingu og Tapajós i delstaten Pará, nord i Brasil. Føda inkluderer frukt, blomstrar, knoppar, frø og jordbruksplantar, særskilt mais.

Gullparakittar er ekstremt sosiale fuglar, dei beitar, hekkar og flyttar seg og overnattar saman. Grupper på færre enn 20 individ samlast i holrom i høge tre om natta. Dei same innelukka rom blir brukte som reirplass. Hekkinga skjer i store, høge, isolerte tre i opne område nær skog. Hekkeplassen ligg høgt, over 15 m over bakken og kan ha fleire inngangar. Interessant nok engasjerer arten hjelparar til å oppdra ungane. Tukanar i slekta Ramphastos er den vanlegste predatoren på egg og ungar. I hekkesesongen tolererer dei ikkje papegøyeartar, men kan elles ei ei viss grad tolerere nærvære av andre papegøyar. Hekkesesongen er frå seint i november til tidleg i april.[1]

Parakitten står overfor bevaringsutfordringar, statusen som sårbar på IUCN si raudliste er tilskriven avskoging, fangst for avikultur og lokal jakt. Bestanden er berekna til å ligge i området 10 000 til 20 000 individ.[2] Bygginga av Tucuruí-dammen på 70- og 1980-talet fordreiv over 32 000 menneske og overfløymde store regnskogsområde,[3] noko som truga arten ytterlegare.

Solparakitt (Aratinga solstitialis), er ein annan art med liknande fjørdrakt som lever i delstaten Roraima og i Guyana. Det er ikkje nært slektskap mellom solparakitt og gullparakitt jamvel om gullparakitt tidlegare var plassert i slekta Aratinga.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Laranjeiras, T. O. (2020). Golden Parakeet (Guaruba guarouba), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.golpar3.01
  2. BirdLife International (2023) Species factsheet: Guaruba guarouba. Henta 23. desember 2023
  3. EJOLT. «Tucuruí hydroelectric dam, Pará, Brazil | EJAtlas». Environmental Justice Atlas (på engelsk). Henta 23. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gullparakitt