Sonja Nef

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sonja Nef


Statsborgarskap Sveits
Fødd 19. april 1972 (52 år)
Heiden i Sveits
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1998, Alpint under Vinter-OL 2002 – Storslalåm kvinner

Utmerkingar

Årets idrettsutøvar i Sveits

Sonja Nef (fødd 19. april 1972) frå Heiden i kantonen Appenzell Ausserrhoden i Sveits er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Ho vart verdsmeister i storslalåm i 2001.

Nef hadde sine beste sesongar i tida 2000-2002. Ho vart då høvesvis nr 6, nr 4 og nr 3 i verdscupen i alpint for kvinner. I storslalåmcupen gjekk ho til topps både i 2001- og 2002-sesongen. Hennar største enkeltprestasjon var sigeren i storslalåm under VM i alpint 2001 i St. Anton, over sekundet føre Karen Putzer frå Italia. Året etter vann ho bronsemedaljen i same øvinga under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City, bak Janica Kostelić og Anja Pärson. Nef vann 15 verdscuprenn, det første i 1996, det siste i 2003.

Sonja Nef la opp i 2006.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Disiplin
26. januar 1996 Sestriere Italia Slalåm
31. oktober 1999 Tignes Frankrike Storslalåm
17. februar 2000 Åre Sverige Storslalåm
11. mars 2000 Sestriere Italia Storslalåm
16. november 2000 Park City USA Storslalåm
19. desember 2000 Sestriere Italia Storslalåm
30. desember 2000 Semmering Austerrike Storslalåm
6. januar 2001 Maribor Slovenia Storslalåm
21. januar 2001 Cortina d'Ampezzo Italia Storslalåm
10. mars 2001 Åre Sverige Slalåm
11. mars 2001 Åre Sverige Storslalåm
16. desember 2001 Val-d'Isère Frankrike Storslalåm
4. januar 2002 Maribor Slovenia Storslalåm
9. mars 2002 Flachau Austerrike Storslalåm
4. januar 2003 Bormio Italia Storslalåm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]