Appenzell Ausserrhoden
| Appenzell Ausserrhoden | |||
| Appenzell Rhodes-Extérieures Appenzello Esterno Appenzell Dadora | |||
| kanton | |||
|
|||
| Forkorting: AR | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Herisau | ||
| Høgaste punkt | Säntis | ||
| • høgd | 2 502 moh. | ||
| Areal | 242,84 km² | ||
| Folketal | 56 495[1] | ||
| Kanton sidan | 1513 | ||
![]() Appenzell Ausserrhoden 47°22′42″N 9°18′46″E / 47.3784°N 9.3128°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Appenzell Ausserrhoden | |||
Appenzell Ausserrhoden er ein kanton i det nordaustlege Sveits. Kantonen har eit landareal på 243 km², og hadde 55 000 innbyggarar i 2018. Kantonen grensar til kantonane Appenzell Innerrhoden og St. Gallen. Herisau er hovudstad i kantonen, men domstolen har sete i Trogen.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Landskapet er prega av slake høgdedrag og låge, skogkledde fjell. Over halvparten av areal vert nytta til landbruk. Det høgste fjellet, Säntis, er 2 502 meter over havet, og er trekantonspunkt for dei tre kantonane Appenzell Ausserrhoden, Appenzell Innerrhoden og St. Gallen.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]13,2 % av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Tysk er dominerande talemål. 51% av folket er protestantar, medan 31% soknar til den katolske kyrkja.[treng kjelde]
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Appenzell Ausserrhoden består av 20 kommunar: Bühler, Gais, Grub, Heiden, Herisau, Hundwil, Lutzenberg, Rehetobel, Reute, Schönengrund, Schwellbrunn, Speicher, Stein, Teufen, Trogen, Urnäsch, Wald, Waldstatt, Walzenhausen og Wolfhalden.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Appenzell høyrde opphavleg til fyrstedømet St. Gallen, men frigjorde seg og danna i 1411 «volksbund Appendzell». I 1452 gjekk det i allianse med i det sveitsiske eidsforbundet, og frå 1513 har det vore ein fullverdig medlem av forbundet.
Fram til 1597 utgjorde Appenzell Ausserrhoden saman med Appenzell Innerrhoden kantonen Appenzell. Etter reformasjonen vart Appenzell i 1597 delt i to delar, den protestantiske Ausserrhoden og den katolske Innerrhoden. Heilt til 1999 hadde begge status som halvkantonar. Til dess hadde kantonen ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Sidan har kantonen hatt ei røyst, medan dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master; vitjingsdato: 14. januar 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Appenzell Ausserhoden» frå Wikipedia på tysk, den 7. august 2011.


