Hopp til innhald

Spellemannprisen 1972

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Spellemannprisen 1972 vart delt ut laurdag 3. mars 1973 i Chateau Neuf i Oslo. Dette var fyrste gong Spellemannprisen hadde utdeling. Det vart kåra vinnarar innanfor sju sjangrar og i tillegg delt ut tre spesial- og bransjeprisar. Komponist og arrangør Egil Monn-Iversen og musikalen Bør Børson Jr. fekk heidersprisen for musikalen som fyrste gong vart sett opp i 1972 på Det norske teatret. Jens Book-Jenssen fekk spesialpris og Sigurd Jansen fekk bransjepris som arrangør. Filharmonisk Selskaps Orkester vann den fyrste prisen i klassisk musikk/samtidsmusikk og har seinare vorte ein av dei artistane som har vunne flest prisar.

Utdelinga vart overført på radio og TV av NRK. Rolf Kirkvaag var programleiar.

Erik Bye vann den fyrste spellemannsprisen for Beste mannlege artist i 1972.
Klasse Artist
Kvinnelege artistKirsti Sparboe
Mannlege artistErik Bye
GruppePopol Vuh
Klassisk musikk/samtidsmusikkFilharmonisk Selskaps Orkester
VisesongBirgitte Grimstad
Open klasseEinar Schanke
BarneplateKnutsen & Ludvigsen
Spesialpris: heiderspris frå juryenEgil Monn-Iversen/Bør Børson Jr.
SpesialprisJens Book-Jenssen
Bransjepris som arrangørSigurd Jansen