Rolf Kirkvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Kirkvaag

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1920
Christiania Sjå dette på Wikidata
Død

24. januar 2003 (82 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist
Born Trond Kirkvaag, Rolf Kirkvaag jr.
Prisar Lytterprisen
Rolf Kirkvaag på Commons

Rolf Wilhelm Kirkvaag (fødd 20. september 1920 i Oslo, død 24. januar 2003 i Oslo) var ein norsk journalist og programleiar i NRK. Med sin store suksess som programvert i radio og fjernsyn fekk han stjernestatus. Kirkvaag vert rekna av mange som Noregs første kjendis.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Rolf Kirkvaag vart fødd i Oslo, men voks opp i Drammen. Under andre verdskrigen gjekk han mellom anna på eit lagførerkurs i regi av Arbeidstenesta. Frå frigjeringa var Kirkvaag journalist i Verdens Gang.[1]

Radiokjendisen Rolf Kirkvaag i september 1955.
Foto: Atelier Rude

Han arbeidde i NRK i periodane 1946–1959 og 1969–1990, fram til 1959, særleg med sport, sidan i underhaldningsavdelinga. Kirkvaag var òg ei eldsjel for ishockeysporten. Han var president i Norges Ishockeyforbund i åra 1964–1966, og visepresident 1962–1964.

Rolf Kirkvaag var den meste populære person i NRKs pionértid. Med sin karakteristiske munnrappe, gentlemansaktige stil vart han svært populær. Hans uhøgtidelege radioshow i 1950-åra samla radiopublikummet og folket på ein eineståande måte. Gatene var nærast folketomme når Kirkvaag var på lufta. Han refererte òg frå mange store idrettsarrangement, leidde fleire direktesendingar frå «Store Studio» i NRK og sidan spørjeprogramma 20 spørsmål og Det spørs. «Kom nærmere» vart eit kjent uttrykk.

Etter at han i 1956 overlevde Hummelfjell-ulukka og redda livet etter flystyrten, vart han folkehelt. I 1958 valde Kirkvaag å slutta i NRK etter å ha fått eit tilbod om ein meir lønsam stilling som direktør i det såkalla Dypfrysingskontoret, eit kontor som vart oppretta av selskapa Frionor, Findus, Strømmen Værksted (Isol) og Aanonsen. I Dypfrysingskontoret skulle Kirkvaag jobba for å auke forbruk av frosenmat. I denne jobben fekk han òg leva ut showmannen i seg på møte som kontoret arrangerte for butikkeigarar og husmødrer. I løpet av 1960 held han til dømes møte for meir enn 22 000 husmødrer der djupfrysing var i fokus. I den første tida som direktør vart Kirkvaag boikotta av NRK, dei frykta at han ville utnytta kringkastinga i reklame. Etter kvart vende han likevel med jamne mellomrom tilbake i radio- og tv-show, blant anna gjesta han Sverige med stor suksess. Frå 1969 og til 1990 jobba han igjen i NRK og laga mellom anna program som Sjonkel Rolf saman med Birgit Strøm og hennar populære dokkefigur Titten Tei. Han var dessutan leiar i underhaldningsavdelinga i radio frå 1972 til 1985. Etter at han slutta i NRK kommenterte han ein periode kampar frå Ishockey-VM på TV3 saman med sonen Rolf Kirkvaag jr.

Rolf Kirkvaag var far til komikaren Trond Kirkvaag og ishockeyspelaren Rolf Kirkvaag jr. Han vart gift med Sonja (jentenamn Weber) i 1945.[2]

Bøker (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1956: Bak mikrofonen
  • 1980: Kom nærmere!
  • 1984: Tomm Murstad – en entusiastisk skihistorie
  • 1990: Miljødetektiv Titten Tei

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dahl, Hans Fredrik (29. juni 2022). «Rolf Kirkvaag». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  2. «Personalia» (PDF). 24. september 1945.