Andreas Thorkildsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Thorkildsen

Andreas Thorkildsen 2008 cropped.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. april 1982
Kristiansand
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Fearnleys olympiske ærespris, Sportsjournalistenes statuett, Folkets idrettspris, Årets friidrettsutøver i Europa

Andreas Thorkildsen i Helsingfors 2005.

Andreas Thorkildsen (fødd 1. april 1982 i Kristiansand) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar for Kristiansand IF. Han er særleg kjend for gode prestasjonar innan spydkast og er olympisk meister to gonger, i 2004 og 2008. Han har sett den norske rekorden i spydkast på 91,59 m, og har også olympisk rekord på 90,57 m, sett under Sommar-OL 2008 i Beijing. 23. august 2009 vart han verdsmeister i Berlin, og vart med det den første mannlege spydkastaren som hadde vunnet OL-, VM- og EM-gull. Han har vunne seks kongepokalar.

Thorkildsen var tidleg ekstraordinært god i spydkast og sette ei rekkje norske aldersrekordar frå 13 år og oppover. Han har også juniorrekordene for 19-åringar og 22-åringar, der U-19 rekorden var gjeldande verdsrekord for juniorar per 2009.[1] Han avslutta karrieren sin som profesjonell spydkastar i mai 2016.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Far til Andreas Thorkildsen, Tomm Thorkildsen, var sjølv ein habil spydkastar og har 71,64 meter frå 1974. Mora Bente (Amundsen) Thorkildsen er norsk meister på 100 meter hekk frå 1972, og har NM-sølv frå 1974 (for Hamar IL).[3][4] Andreas Thorkildsen har ein eldre bror.

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

1993-1999[endre | endre wikiteksten]

Andreas Thorkildsen tok tidleg etter far sin, og har konkurrert i spyd sidan han var 11 år. Talentet var tydeleg, og med faren som trenar vart teknikken god. Andreas Thorkildsen sette den første av sine mange norske aldersrekordar i 1995, med 51,88 meter med eit 600 grams spydd (13-åringar). Etter dette slo han alle aldersrekordar i spyd med både 600 grams og 800 grams spyd, bortsett frå rekorden for 15-åringar. 17 år gammal i 1999 var han med i europamesterskapet for juniorar og vart nummer 7.[5]

Thorkildsen sine norske aldersrekordar[endre | endre wikiteksten]

Alder Resultat Vekt År Alder Resultat Vekt År
13 år 51,88 m 600 g 1995 14 år 53,82 m 800 g 1996
14 år 62,98 m 600 g 1996 16 år 61,57 m 800 g 1998
16 år 79,50 m 600 g 1998 17 år 72,11 m 800 g 1999
18 år 77,48 m 800 g 2000
  • Spydet på 600 gram vart endra i 1999 og Thorkildsen sine rekordar med 600 grams-spydet er med den gamle modellen. Frå 2002 vart spydvekta 700 gram innført som nytt spyd frå gutar 16 år, og Thorkildsen si bestenotering med 600 gram for 16-åringar vil dermed ikkje utfordrast.[6]

2000-2003[endre | endre wikiteksten]

Trenar Åsmund Martinsen

Frå 2000 tok Åsmund Martinsen over delar av trenaransvaret saman med faren, og Thorkildsen kasta til sin første medalje i eit norsk meisterskap for seniorar. Han fekk sølv og tapte berre til Ronny Nilsen frå Norna Salhus. Same året vart han med på det norske europacuplaget og i oktober 2000 vann han sølv i junior-VM bak sørafrikanske Gerhardus Pienaar.[7]

Etter vidaregåande skule i 2001, flytta Thorkildsen til Oslo og Åsmund Martinsen tok over heile trenaransvaret. Thorkildsen melde seg inn i klubben til Martinsen, SK Vidar. Martinsen er sjølv ein tidlegare spydkastar med personleg rekord på 68,12 meter og har bronse frå NM på Jessheim i 1994.[8] I juni 2001 braut Thorkildsen 80-meterbarrieren med 83,87 meter og sette verdsrekord for junior på Fana Stadion. Denne rekorden stod fram til mars 2011, då Zigismunds Sirmais kasta 84,47.[9] Han fekk sølv i junior-EM bak Aleksandr Ivanov. Det første møtet med eit internasjonalt seniormeisterskap gjekk dårlegare. Thorkildsen kasta 68,41 meter og vart sist i konkurransen.[10] Han retta opp inntrykket ved å vinna det første norske seniormeisterskapet sitt med 79,98 meter på Marienlyst i Drammen. Til trass for eit svakt VM låg det an til at Thorkildsen ville kunna ta opp arven etter dei store norske spydkastarane Egil Danielsen, Terje Pedersen og Trine Hattestad.

I 2002 deltok han i sin første Europamesterskap. Med 78,36 meter mangla Thorkildsen 68 cm på å verta blant dei 12 som gjekk vidare frå kvalifiseringa. Han vart nummer 15.[11] I NM i Sandnes dette året tapte Thorkildsen til boksaren og spydkastaren Pål Arne Fagernes, og fekk sitt andre NM-sølv.[8] Ved slutten av året toppa han likevel statistikken som den beste spydkastaren i Noreg med sitt årsbeste kast på 83,43 meter.

I Paris-VM 2003 nådde Thorkildsen den første internasjonale finalen sin som seniorutøvar. Han kasta 79,44 meter i kvalifiseringa, men skuffa litt med 77,75 meter i finalen og ein 11.-plass totalt.[12] Tidlegare på året hadde han sett ny personleg rekord i eit stemne i latviske Ventspils med 85,72 meter.[13] I 2003 vart han norsk meister for andre gong med 76,04 meter i Fredrikstad[8].

Juniorrekordar[endre | endre wikiteksten]

Alder Resultat Vekt Dato År Stad Notat
Junior 19[14] 83,87 m 800 g 7. juni 2001 Flag of Norway.svg Norge Fana stadion, Bergen Jr. verdsrekord fram til mars 2011.[15]
Junior 22 86,50 m 800 g 28. august 2004 Flag of Greece.svg Hellas Athen, Hellas Kastet gav OL-gull[16]

2004 - OL-gull[endre | endre wikiteksten]

Friidrettssesongen 2004 byrja med mykje merksemd for norsk spydkast. Ronny Nilsen opna sesongen i mai med eit OL-kvalifiserande kjempekast på 84,73 meter på eit stemne i Tønsberg. Thorkildsen klarte ikkje å nå toppen av statistikken i Noreg, men under Bergen Bislett Games kvalifiserte han seg til Sommar-OL i Athen med 84,12 meter, bak amerikanaren Breaux Greer, som vann med ny nordamerikansk rekord på 87,39 meter.[17] Under DN Galan i Stockholm tok Thorkildsen sin første siger i ein IAAF Grand Prix-konkurranse, og fekk revansje på Breaux Greer med 83,46 meter mot 78,52 meter.[18] I London tre dagar seinare, 30. juli, heva han sitt årsbeste kast til 84,45 meter ved Crystal Palace.[19]

Thorkildsen låg eit stykke nede på verdsstatistikken og framleis bak Ronny Nilsen ved inngangen til spydkonkurransen i Athen-OL.[19] Spydkonkurransen vart sett på som svært open, men nordmennene var ikkje rekna blant medaljefavorittane. Thorkildsen kasta 81,74 meter i kvalifiseringa, over kvalifiseringsgrensa på 81 meter, men i skuggen av Breaux Greer sitt kast på 87,25 m.[20]

I finalerunden opna Thorkildsen med 84,82 meter og tredjeplass etter første runde. Latviaren Vadims Vasiļevskis kasta personleg rekord med 84,95 meter og leidde med den regjerande verdsmeisteren Sergej Makarov på andreplass. I andre runde var det Thorkildsen som kasta til personleg rekord (og norsk U-23 rekord) med 86,50 meter. I dei påfølgjande rundane klarte verken Vasiļevskis eller Makarov å påverka resultatlista, og enda med høvesvis sølv- og bronsemedaljar. Noko overraskande var Andreas Thorkildsen vorten olympisk meister i spyd, 48 år etter at Egil Danielsen vann gull i Melbourne i 1956. Verdsleiaren Aleksandr Ivanov vart nummer fem, medan den jamnaste kastaren i sesongen, Breaux Greers, var småskadd og fekk 12.-plassen, den siste i finalen.[19] Thorkildsen skildra sigeren som «helt sinnssykt».[16] Han vart tildelt Fearnleys olympiske ærespris for prestasjonen.

Sesongen gav òg Thorkildsen kongepokal og ein tredje NM-tittel i Florø[8]. Han avslutta året som nummer to, etter Greer i IAAF World Athletics Final i Monaco. I desember vart det offentleggjort at Thorkildsen skulle tildelast norske sportsjournalistars statuett og tittelen «Årets idrettsnamn» for prestasjonane sine i 2004-sesongen.[21] Den nye olympiske meisteren stod likevel bokført som den sjuande beste kastaren i verda med det 11. beste resultatet etter sesongen.[19] Thorkildsen vart nummer ni i kåringa av European Athlete of the Year, Årets friidrettsutøvar i Europa, av European Athletics Association.[22]

2005 - VM-sølv[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen i tilløpet under VM i Helsingfors

I 2005 hadde Andreas Thorkildsen ei ny rolle. Som olympisk meister steig forventingane til VM i Helsingfors. I juni slo han endeleg Pål Arne Fagernes sin norske rekord med 86,82 meter i «midtsommarleikane» i Kuortane. Den tøffaste konkurrenten hans, finnen Tero Pitkämäki, kasta årsbeste i verda med 91,53 ved det same stemnet.[23] Thorkildsen flytta den norske rekorden sin til 87,66 meter under Bislett Games,[24] medan Sergej Makarov då hadde 90,33 frå det russiske meisterskapet i Tula. Før VM var desse kastarane i topp tre på verdsrankinga, med Breaux Greer ein centimeter bak Thorkildsen.[25]

Det var berre Pitkämäki, Makarov og Thorkildsen som klarte kvalifiseringsgrensa på 81 meter på Olympiastadion i Helsingfors. Finalerundane gjekk med regn og vind. Thorkildsen leidde med 86,18 meter etter tre rundar, men fekk til slutt sølv bak overraskingsmannen Andrus Värnik frå Estland, som toppa konkurransen med 87,17 meter i fjerde omgang.[26]

Thorklidsen vann NM i Bergen med 83,63 meter, eit resultat som gav ny kongepokal.[8] Han avslutta sesongen med sin tredje norske rekord i 2005. 89,60 meter i IAAF World Athletics Final i Monaco. Pitkämäki, som berre vart nummer fire på heimebane i VM, vann med 91,33 meter. Thorkildsen enda sesongen som den tredje beste kastaren i verda på rankinglistene bak Pitkämäki og Makarov.[25] Han vart nummer ni i European Athletics Association si kåring av Årets friidrettsutøvar i Europa for andre år på rad. Han fekk plassen bak Pitkämäki, og delte niandeplassen med Andrus Värnik.[27]

2006 - EM-gull og over 90 meter[endre | endre wikiteksten]

Før 2006-sesongen returnerte Thorkildsen til moderklubben Kristiansand IF, men vart buande i Oslo.[28] Z 12. mai braut han 90-meterlinja for første gong. Det var i Super Grand Prix i Doha i Qatar, og lengda på 90,13 meter var ny norsk rekord, og banerekord.[29] Under Bislett Games den 2. juni sette han igjen norsk rekord, no på 91,59 meter. Han passerte samstundes milepålen på 300 fot.[30] Med den nye rekorden sin var han verdsleiar inn mot EM i Göteborg, og rekna som favoritt. Tero Pitkämäki var ein outsider som hadde vunne IAAF Golden League i Paris. Spydfinalen i Göteborg vart dominert av Thorkildsen. Han tok leiinga i andre omgang, heldt denne, og auka sigermarginen i siste kast. Kastserien til europamesteren var imponerande: 1: 82,84 m, 2: 87,37 m, 3: 85,30 m, 4: 87,35 m, 5: 86,39 m, og til slutt 6: vinnarkastet på 88,78 meter.[31]

I DN Galan i Stockholm, 25. juli 2006, sette Thorkildsen ny banerekord med 89,78 meter. For dette vart han premiert med ein diamant til ein verdi av om lag 75 000 kroner.[32] Thorkildsen tok dette året sin 5. NM-tittel og fekk sin 3. kongepokal på friidretts-NM på Bislett.[8] I samband med utdelinga av pokalane fekk tilhøvet hans til hekkeløparen Christina Vukicevic overraskande mykje merksemd. Thorkildsen og Vukicevic hadde begge uttrykt klart at dei ville skjerma privatlivet, men då begge vann kongepokal, var pressefotografane klare for blinkskot. Utøvarane nekta å stilla opp på bilete saman og Thorkildsen forlét stadion for å sleppa unna fotografane.[33]

Thorkildsen avslutta sesongen sterkt, og vann sin første IAAF World Athletics Final i avskjedsstemnet til legenda Jan Zelezny,[34] og dessutan Verdscupen i friidrett 2006 i Athen. Rekordkastet på 91,59 meter gav han topplassering på verdensrankinga for sesongen for første gong.[35] Han vart nummer tre i European Athletics Association si kåring av Årets friidrettsutøvar i Europa, den beste plasseringa hans i kåringa til då.[36]

2007 - VM-sølv[endre | endre wikiteksten]

Tero Pitkämäki etter sigeren under VM i 2007 i Osaka

Thorkildsen brukte vinteren til alternativt arbeid då han vart henta av den svenske tidlegare fotballspelaren Martin Dahlin som modell for moteklede. Andre modellar som poserer for kolleksjonen til Dahlin var toppmodellen Marcus Schenkenberg og skodespelaren Andreas Wilson.[37]

Måla for konkurransesesongen 2007 var Bislett Games, VM i Osaka, og å vera med i kampen om Golden League-gullbarrane verd 1 million dollar.[38] Sesongen starta bra for Thorkildsen, men konkurrentane var minst like godt førebudde. Han nådde 81,10 meter i Dakar, 86,39 meter i Doha[39] og tredjeplass med 87,79 meter i Bislett Games den 15. juni bak Tero Pitkämäki (88.78 m) og Breaux Greer (88.73 m).[40] Thorkildsen vann DN Galan, 7. august i Stockholm med årsbeste på 89,49 meter, men ryggsmerter gjorde at han valde å stå over NM i Askim den påfølgjande helga for å stå førebudd til VM i Osaka.[41]

Konkurransen i Osaka-VM var venta å stå mellom dei tre beste kastarane denne sesongen; Thorkildsen, Pitkämäki og Greer, med Vadims Vasilevskis som ein outsider. Etter ein noko usikker førsterunde la Pitkämäki lista på 89,16 meter. Thorkildsen svara med 88,61 meter i same omgang, og ingen andre melde seg på i gullstrida. Konkurransen vart ikkje meir spennande og ein upressa Pitkämäki hadde allereie vunne då han auka i siste runde til 90,33 meter. Sølvet tilThorkildsen vart den einaste medaljen for Noreg i dette meisterskapet.[42]

Attende i Europa byrja han med siger og årsbeste i Zürich med 89,51. Han deltok på ytterlegare tre stemne i september: Den 14.: 2.-plass i Brussel (86,14 m), den 16.: 4.-plass i Berlin (80,71 m) og til slutt sesongavslutning og 2.-plass i IAAF World Athletics Final i Stuttgart med 85,06 meter.[39][43] Han vart etter sesongen 2007 kåra til årets norske friidrettsutøvar for andre året på rad av Stiftelsen friidrettens venner.[44]

2008 - Nytt OL-gull[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen under Europacupen 2008

I eit intervju i desember 2007 uttalte Thorkildsen at han på trass av ryggproblema hadde som mål å vinna gull under OL i Beijing. 9. mai vann han sesongopninga i Super Grand Prix-stemnet i Doha.[45] Vinnarkastet var på 87,59 meter. Kastet var så langt årets nest beste resultat i verda.[46]

Den 1. juni 2008 var den sesongopninga for verdseliten i Golden League-stemnet ISTAF, og dermed starta oppkøyringa til Sommar-OL 2008. Så langt i 2008 hadde seks utøvarar kasta over 85 meter og fem av dei stilte opp i dette stemnet. Andreas Thorkildsen vart nummer to med 85,19 meter, éin centimeter bak Tero Pitkämäki som vann med 85,20 meter.

Den 22. juli 2008 vann Thorkildsen spydkonkurransen i DN Galan med eit kast på 87,36 meter.

I forkant av OL var Thorkildsen å rekna som ein av favorittane, men det låg noko usikkerheit rundt teknikken hans. I tillegg var det fleire konkurrentar med medaljesjansar enn det som hadde vore tilfelle dei siste åra. Pitkämäki var framleis den klaraste utfordraren, men australiaren Jarrod Bannister hadde årsbeste i verda med 89,02 meter frå eit stemne i Brisbane i februar. Vidare hadde finnane fått fram ein ny «Tero», Tero Järvenpää som kom til Kina med 86,68 meter. Latviske Vadims Vasilevskis som vann sølv under OL i 2004 var tilbake med 85,78 meter ved inngangen til Kina-OL.[47]

Usikkerheiten vart noko forsterka etter kvalifiseringsrundane i Beijing, 21. august. I kraftig regnvêr sklei Pitkämäki i sitt forsøk, og Thorkildsen torde dermed ikkje leggja mykje i sitt forsøk. Han kasta 79,85 meter, og måtte ta ytterlegare eitt kast for å sikra seg finalen. Det andre forsøket vart mislukka, og han «tråkka daudt». Thorkildsen stod som nummer ni av dei tolv som gjekk vidare til finalen, og stod over sitt tredje forsøk. Vasilevskis viste styrke og vann kvalifiseringa med 83,51 meter framfor Pitkämäkis 82,50 meter. Pitkämäki uttalte likevel at han frykta at Thorkildsen ville koma sterkt tilbake i finalen etter den noko svake kvalifiseringa.[48]

Finalen i spyd under sommar-OL 2008 i Beijing 23. august starta noko forsiktig, og då Thorkildsen i første omgang kasta som nummer ti, hadde finnane Järvenpää og Pitkämäki levert kast på høvesvis 83,95 meter og 83,75 meter og tatt dei to øvste posisjonane. Thorkildsen svara med 84,72 meter, tok leiinga og gav henne deretter ikkje frå seg. I andre omgang auka han til 85,91 meter og til 87,93 i tredje kast utan at det hadde skjedd noka endring på dei to neste plassane. I fjerde runde nærma Pitkämäki seg noko med eit kast på 85,78 meter, medan Thorkildsen no klarte 85,13 meter. Den femte omgangen var utan vellukka kast av finalistane då Andreas Thorkildsen avslutta runden med det nest lengste kastet i karrieren sin på 90,57 meter. Han hadde slått Jan Železnýsin olympiske rekord frå Sommar-OL 2000 med 30 centimeter, og samstundes sett ny årsbeste i verda med sitt beste kast på over to år. I den siste omgangen overraska den andre latviaren, Ainars Kovals, med ny personleg rekord på 86,64 meter, og kneip sølvet framfor Pitkämäki, som svara på kastet til Kovals, men 86,16 meter heldt berre til bronse for den regjerande verdsmeisteren.[49]

Prestasjonen til Thorkildsen gjorde han til den første nordmannen med to OL-gull i friidrett, den fjerde spydkastaren som har forsvart eit OL-gull, og han vart omtalt som den norske friidrettsutøvaren gjennom tidene etter å ha teke gull eller sølv i fem påfølgjande internasjonale meisterskap.

2009 - VM-gull[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen sesongopna i Super Grand Prix-stemnet i Doha den 8. mai. Der vann han med årsbeste i verda på 83,39 meter, men nådde ikkje eigne forventingar etter ei skadefri sesongoppkøyring.[50]

Den 2. august kasta han 88,55 meter i ein jamn serie under NM på Stampesletta i Lillehammer. Kastet gav Thorkildsen hans sjuande NM-tittel og fjerde kongepokal. To dagar før hadde han vunne DN Galan i Stockholm med nok ein jamn serie, og eit bestekast på 86,85 meter.[51]

Thorkildsen kasta i VM-kvalifiseringa gruppe A fredag 21. august på Olympiastadion i Berlin. Han kasta daudt – 80,37 – 79,93 i dei tre kasta sine, og vart nummer fire i si gruppe. 82 meter gav automatisk kvalifisering til finalen, men etter regnopphald og vått banedekke var det berre to kastarar frå gruppe B som kasta lenger enn Thorkildsen. Han fekk dermed sjette beste resultat, og 78,69 meter heldt til slutt for avansement.

Under finalen den siste dagen av meisterskapet, sundag 23. august, opna han òg svakt med 77,80 i første kast, og låg som nummer fem før andre kast, utan at konkurrentane heller hadde prestert store lengder. Det andre kastet til Thorkildsen landa på 89,59 meter, og han leidde med over seks meter på nummer to, Guillermo Martínez frå Cuba. Det tredje kastet til Thorkildsen var på 88,95 før han tråkka daudt på det fjerde og stod over dei to siste kaste. Martínez auka til 86,41 i sitt siste kast, medan Yukifumi Murakami frå Japan overraskande tok bronse med 82,97 meter. Duellen med Tero Pitkämäki kom ikkje då finnen var plaga med sjukdom og feber, og fekk ein audmjuk femteplass med 81,90 meter.

Thorkilsen vart med dette den første spydkastene i verda med meisterskapstitlar frå både EM, VM og OL.[52] På dagen eit år etter OL-sigeren sin vart han igjen historisk.

2010 - nytt EM-gull og diamantjakt[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen (v) møtte ein ny utfordrar i Petr Frydrych (h) under Bislett Games den 4. juni 2010

2010-sesongen vart innleidd 23. mai, i eit Diamond League-stemne i Shanghai. Thorkilsen vann stemnet med 86,11 meter i tredje kast. Spyd var ikkje Diamond League-øving i detta stemnet.[53] Heime i Noreg konkurrerte han under Florø Friidrettsfestival den 29. mai og møtte Tero Pitkämäki i deira duell nummer 50. Thorkildsen vann med 90,37 meter mot finnen sitt meir audmjuke 84,34 meter. Det vart Thorkildsen sin sjuande konkurranse over 90 meter.[54]

I samband med Bislett Games 4. juli dukka det opp ein ny utfordrar til spydtrona, 22 år gamle Petr Frydrych frå Tsjekkia. Han hadde kasta 88,23 meter under eit stemne i Ostrava den 27. mai, og det var kjent at den tidlegare spydkjempa Jan Železný hadde trenaransvaret for det unge talentet. Konkurransen fekk mykje merksemd og den vart tett, med finnen Teemu Wirkkala som ein joker til duellen. Thorkildsen vann med 86,00 meter, Frydrych fekk 85,33 og Wirkkala med 85,04 .[55] Oslostemnet danna grunnlaget for ein total dominans av Thorkildsen i Diamond League-stemnasom følgde. Han vann dei tre neste stemna i serien: 12. juni, New York adidas Grand Prix, med 87,02 meter, 8. juli, Lausanne Athletissima, med 87,03 meter og 16. juli, Paris Meeting Areva, med 87,50 meter.[56]

Under alle stemna var det lite kampen om sigeren, men midt i denne sigerrekkja kom ein ny 22-åring på banen. Tyske Matthias de Zordo vann ein konkurranse under litt vanskelege vindforhold med 83,80 meter. Thorkildsen klarte ikkje å svara og fekk eit overraskande nederlag med 82,98 meter.[57] De Zordo skulle visa seg å verta den tøffaste utfordreren igjen under spydfinalen i EM i Barcelona 31. juli.

Thorkildsen vart europamester i Barcelona 31. juli 2010 etter eit bestekast på 88,37. Kvalifiseringa til finalen vart meir spennande enn forventa ut ifrå at Thorkildsen i 2010 hadde vunne alle bortsett frå ein av konkurransane sine: Etter to daude kast, sikra han med eit kast på 78,82 i tredje omgang, men gjekk likevel greitt vidare som 6. mann etter at berre tre deltakarar klarte kvalifiseringsgrensa på 81 meter.[58] Finalen skulle òg by på overraskingar i det Matthias de Zordo med eit kast på 86,22 sette personleg rekord med nesten to meter allereie i første kastet. Likevel svara Thorkildsen med å kasta 10 cm lengjer i sitr første kast. De Zordo, som var den einaste som hadde vunne over Thorkildsen til då i 2010 (lag-EM, Fana, juni) forbetra sin nye rekord med ytterlegare drygt halvannan meter til 87,81 i andre omgang, men Thorkildsen svara med det som skulle verta vinnarkastet, 88,37 .[59] Dermed hadde Andreas Thorkildsen teke medalje i sitt sjuande meisterskap på rad.

2011 - sølv i VM og Diamond League[endre | endre wikiteksten]

Sesongen vart opna med eit Diamond League-stemne i Doha. Petr Frydrych vann stemnet, og Thorkildsen enda på femteplass med 83,63 meter som lengste kast.[60] Plasseringa var hans svakaste sidan Bislett Games den 27. juni 2003, då han vart nummer seks med 80,10 meter.[13] Det andre Diamond League-stemnet i sesongen vart arrangert i Shanghai 15. mai, og Thorkildsen forbetra seg både resultatmessig og plasseringsmessig. Han kasta 85,12 i det tredje kastet sitt og kom på andreplass, berre slått av Tero Pitkämäki.[61] Likevel fekk han ein strekkskade i låret, som gjorde at han m.a. måtte stå over Bislett Games i juni.[62] Det første stemnet etter skaden vart Kuortane Games i Finland 25. juni. Det lengste kastet hans på 84,33 meter heldt til siger mot dei beste finske kastarane. Han var den einaste som kasta over 80 meter i dette stemnet.[63] Også i neste stemne, som var Diamond League-stemnet i Lausanne, kasta han godt. Han kasta 88,19 meter i første kast, som var årsbeste for Thorkildsen, og 3 cm unna årsbeste i verda (Vadims Vasilevskis, 88,22). Dette heldt til siger, og han gjorde berre eit kast til, som vart 84,20 meter, før han gav seg på grunn av at han kjende lyskeskaden sin.[64]

Den 10. juli sette Thorkildsen ny årsbestenotering i verda, då han vann Diamond League-stemnet i Birmingham. Han kasta 88,30 i sitt tredje kast, og vann stemnet, nesten fem meter framfor tyske Matthias de Zordo, som greidde 83,42 .[65] Denne lengda forbetra han allereie 29. juli, då han vann DN-galan i Stockholm. Der sette han ny årsbeste i verda denne sesongen med 88,43 . Igjen kom Matthias de Zordo på andreplass, denne gongen med 84,37 .[66]

Under gode tilhøve kasta han 90,61 meter under noregsmeisterskapetByrkjelo. Det tredje lengste kastet i karrieren hans var ny meisterskapsrekord, ny årsbeste i verda, og gav Thorkildsen den sjette kongepokalen sin.[67]

Torkildsen kom til VM i friidrett i sørkoreanske Daegu som ein klar favoritt. Han hadde dei tre beste kasta i verda, og leidde årsstatistikken med over 2 meter med resultatet sitt frå NM på Byrkjelo. I likskap med kvalifiseringsrundane i dei siste meisterskapa, kastet han òg denne gongen godt under eigen kapasitet med serien 79,36 - 80,85 - 81,83 . Han vart nummer fem i den første kvalifiseringsgruppa, og nummer sju av dei 12 som tok seg til finalen. 12.-plass hadde 81,03 .[68] Etter tre kast i finalen hadde han 80,75 meter som beste resultat, og gjekk vidare til dei tre siste finalekasta med svakaste resultatet av dei 8 utøvarane. Matthias de Zordo kasta 86,27 i første kast, noko som heldt til VM-gull. I fjerde runde forbetra Torkildsen seg til 84,78 meter, som vart hans lengste kast. Det heldt til sølvmedalje i meisterskapet, medan Guillermo Martínez tok bronse med 84,30 . Torkildsen uttalte at han hadde flaks som fekk til det eine kastet på ein dag då teknikken ikkje stemde. Kastrekkja vart 80,75 - 80,46 - 80,60 - 84,78 - daudt - 80,28 .[69] Dettnest beste kastet hans ville ha gjeve 8.-plass.[70]

Ved Diamond League-avsluttinga i Brüssel i september greidde Thorkildsen berre femteplass, med 81,86 som lengste kast. De Zordo vann detta stemnet, og vann dermed òg Diamond League samanlagt i 2011, med 17 poeng. Andreas Thorkildsen vann tre enkeltsigrar i Diamond League 2011, og kom på andreplass med 14 poeng, medan Vadims Vasilevskis tok tredjeplassen med fire poeng.[71]

Til trass for sølv i både VM og Diamond League vart Thorkildsen rangert som den beste spydkastaren i verda i IAAF sin poengstatistikk. Totalt enda han på 1373 poeng, mot de Zordo sine 1346 poeng. Nordmannen hadde fire av dei seks lengste kasta i verda denne sesongen.[72]

2012 - jakt på OL-gull nummer 3[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen under Bislett Games 2012
Foto: C. Hill

Sesongen 2012 hadde EM og Diamond League, men Sommar-OL i London var det største målet til Thorkildsen. Den 19. mai sesongopna han i Shanghai med 79,53 meter, den svakaste sesongopninga hans sidan 2004. Han gav seg etter tre kast på grunn av ei vrang akillessene. Stemnet vart vunne av tsjekkaren Vítezslav Veselý.[73]

I Ostrava den 25. mai konkurrerte Thorkildsen igjen, denne gongen med årsbeste og 84,72 meter. Veselý vann, forskansa seg som den beste utøvaren til sesongen og måtte finna vart favoritt i forkant av Bislett Games den 7. juni. Der innfridde Veselý og kasta ny personleg rekord og årsbeste i verda med 88,11 meter. Thorkildsen fann ikkje rytmen i ein elles svak konkurranse og vart nummer 3 med 82,30 meter.

Under EM i Helsinki 28. juni trekte Thorkildsen seg etter tre kast, og enda som nummer 4 med audmjuke 81,55 meter. Grunnen til at han stoppa før 4. runde var ein strekk i låret som han fekk under oppvarminga. Veselý vann med 83,72 meter.[74]

I august deltok han ved OL i London. Han hadde det nest lengste kvalifiseringskastet, med 84,47 meter, berre slått av Vitezslav Vesely. I finalen greidde han likevel ikkje å kasta like langt. Det første kastet var såvidt over 70 meter, og dette kastet gjorde han daudt ved å tråkka over streken. Neste kast var på 82,63 meter, tredje kast tråkka han daudt, og fjerde kast vart 81,70 meter. Thorkildsen vart ståande med 82,63 meter som lengste kast, og enda på 6.-plass i finalen. 19 år gamle Keshorn Walcott vann gullet i dette OL-et.[75] Thorkildsen kasta 71,05 meter ved det siste Diamond League-stemnet i sesongen, som gjekk i Stockholm, og enda på 10.-plass i dette stemnet. På grunn av dei dårlege resultata på slutten av sesongen valde han òg å stå over NM i friidrett 2012.[76]

2013 - ny VM-sesong[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen sesongopna ved Diamond League-stemnet i Doha den 10. mai. Her kasta han tre daude kast, men greidde 81,51 meter i siste kast, som heldt til 3.-plass i detta stemnet. Vtezslav Vesel vann stemna, med 85,09 meter, føre Tero Pitkämäki. Han stod over det neste Diamond League-stemna, som var i Shanghai den 18. mai, på grunn av krampe i lysken. 31. mai deltok han i eit stemne i Dessau i Tyskland, der han kasta årsbeste for sin del, med 81,99 meter, og han sa etter stemnet at han ikkje kjende noko til lyskeskaden.[77] Han forbetra seg ytterlegare då han deltok ved Hyundai Grand Prix Florø Friidrettsfestival 8. juni. Der fekk han til eit sistekast på 84,64 meter, og vann stemnet.[78] Berre fem dagar seinare var det Bislett Games, men der fekk ikkje Thorkildsen til dei same lengdene. Det lengste kastet hans vart 80,99 meter, og han enda med det på 6.-plass.[79] Ved Lag-EM i friidrett 2013 i Gateshead kasta han 80,48 meter i sit første kast, deretter 80,10 meter, før han gjorde to daude kast. Dette heldt til 4.-plass i spydkastøvinga, men Noreg kom nest sist i Super league i 2013, og rykte med det ned til First league.

Ved Diamond League-stemnet Birmingham Grand Prix i slutten av juni fekk han likevel ein ny siger, då han kasta 83,94 meter, og vann stemnet framfor Ari Mannio og Dmitrij Tarabin.[80] Roman Avramenko leidde lenge konkurransen, men Thorkildsen fekk til vinnarkastet sitt i femte kast, og Avramenko enda til slutt på 4.-plass.[81] Den 4. juli sikra han seg nye Diamon League-poeng, då han kom på 2.-plass ved Athletissima-stemna i Lausanne. Svenske Kim Amb, som sette ny personleg rekord på 84,33 meter i mai, vann stemnet med 82,65 meter, medan Thorkildsen kasta 81,54 som lengste kast.

2014[endre | endre wikiteksten]

Det første stemnet til Thorkildsen i 2014 var Diamond League-stemnet i Eugene 31. mai. Vutezlav Vesely vann stemnet med 83,75 meter, med Thorkildsen på andreplass med 80,52 meter.[82] Ved Bislett Games den 11. juni enda han sist, med 72,40 som lengste kast.[83]

I juli gjorde han det kjent at han avslutta 2014-sesongen, på grunn av smerter i hofta, og at han dermed ikkje kom til å delta ved EM i friidrett 2014.[84]

2015–2016[endre | endre wikiteksten]

I juni 2015 melde Thorkildsen at han kom til å stå over heile 2015-sesongen, men at han satsar på comeback i 2016.[85] I mai 2016 la han likevel opp.[86] Då han la opp var han innehavar av noregsrekorden på 91,59 meter og olympisk rekord på 90,57 meter, som han sette i 2008. Under Sommar-OL 2016 i Rio de Janeiro i Brasil var han TV2 sin ekspertkommentator i friidrett saman med Johan Kaggestad.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

I 2018 byrja Thorkildsen å jobba på Wang Toppidrett vidaregåande skule i Oslo som trenar på friidrettslinja.

Resultat og rekordar[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen vann gullmedalje i spydkast under sommar-OL 2004, og for dette vart han tildelt Fearnleys olympiske ærespris i etterkant. Under VM i Helsingfors, Finland vann han sølv i 2005. Han har også juniorverdsrekorden i spyd med 83,87 meter, sett i 2001.

Han betra den norske rekorden fleire gonger i 2005, og sette personleg rekord med 89,60 i Monaco 10. september 2005. Seinare har Thorkildsen betra noregsrekorden fleire gonger, mellom anna ved å kaste 90,13 i Doha 12. mai 2006. Den gjeldande noregsrekorden sette han 2. juni 2006, då han kasta 91,59 meter under Bislett Games.

Etter å ha sett ny banerekord under DN-Gallaen i Stockholm 25. juli 2006 med eit kast på 89,78 meter, vart han premiert med ein diamant til om lag 75 000 kroner.

Under EM i friidrett 2006 vann han gull med 88,78 meter, etter å ha vore best i fem av seks omgangar.

I sommar-OL 2008 vann Thorkildsen spydkonkurransen med eit kast på 90,57 meter. Etter dette vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje. Etter OL-sesongen 2008 vart Thorkildsen kåra til European Athlete of the Year, Årets friidrettsutøvar, i Europa av European Athletic Association.[87] Tidlegare var det berre Trine Hattestad blant norske utøvarar som hadde toppa denne kåringa.

Thorkildsen sine norske rekordar[endre | endre wikiteksten]

Resultat Stad Land Dato År
86,82 m Kuortane Flag of Finland.svg Finland 26. juni 2005
87,66 m Bislett, Oslo Flag of Norway.svg Noreg 29. juli 2005
89,60 m Fontvieille Flag of Monaco.svg Monaco 10. september 2005
90,13 m Doha Flag of Qatar.svg Qatar 12. mai 2006
91,59 m Bislett, Oslo Flag of Norway.svg Noreg 2. juni 2006

Internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen under Bislett Games den 4. juni 2010
År Meisterskap Stad Land Plassering Resultat
1999 EM jr Riga Flag of Latvia.svg Latvia 7. 72,11 m
2000 VM jr Santiago Flag of Chile.svg Chile Sølv 76,34 m (NJR-19)
2001 EM jr Grosseto Flag of Italy.svg Italia Sølv 76,98 m
2001 VM Edmonton Flag of Canada.svg Canada 26. (sist) 68,41 m
2002 EM München Flag of Germany.svg Tyskland 15. 78,36 m
2003 VM Paris Flag of France.svg Frankrike 11. 77,75 m
2004 Flagget til Olympiske leikar OL Athen Flag of Greece.svg Hellas Gull 86,50 m (NJR-22)
2005 VM Helsingfors Flag of Finland.svg Finland Sølv 86,18 m
2006 EM Göteborg Flag of Sweden.svg Sverige Gull 88,78 m
2007 VM Osaka Flag of Japan.svg Japan Sølv 88,61 m
2008 Flagget til Olympiske leikar OL Beijing Flag of the People's Republic of China.svg Kina Gull 90,57 m (OR)
2009 VM Berlin Flag of Germany.svg Tyskland Gull 89,59 m
2010 EM Barcelona Flag of Spain.svg Spania Gull 88,37 m
2011 VM Daegu Flag of South Korea.svg Sør-Korea Sølv 84,78 m
2012 EM Helsinki Flag of Finland.svg Finland 4. 81,55 m
2012 OL London Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 6. 82,63 m

Norske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

År Stad Arena Plassering Resultat
2000 Steinkjer Guldbergaunet stadion Sølv 72,72 m
2001 Drammen Marienlyst Stadion Gull 79,98 m
2002 Sandnes Sandnes Stadion Sølv 80,97 m
2003 Fredrikstad Lisleby Stadion Gull 76,04 m
2004 Florø Florø Stadion Gull 81,38 m
2005 Bergen Fana Stadion Gull 83,63 m
2006 Oslo Bislett Stadion Gull 85,02 m (MR)
2009 Lillehammer Stampesletta Stadion Gull 88,55 m (MR)
2010 Sandnes Sandnes Stadion Gull 87,10 m
2011 Byrkjelo Byrkjelo stadion Gull 90,61 m (MR)
2013 Tønsberg Greveskogen Idrettspark Gull 80.91 m

Thorkildsen si utvikling år for år[endre | endre wikiteksten]

Thorkildsen under Bislett Games 2012
Foto: C. Hill

Dette oversynet viser Thorkildsen si årlege utvikling i spyd (800 gram):

År Resultat Stad Land Dato
1998 61,57 m Kristiansand Flag of Norway.svg Noreg 24. juni
1999 72,11 m Riga Flag of Latvia.svg Latvia 7. august
2000 77,48 m Düdingen Flag of Switzerland.svg Sveits 30. september
2001 83,87 m Bergen Flag of Norway.svg Noreg 7. juni
2002 83,43 m Karlstad Flag of Sweden.svg Sverige 14. juni
2003 85,72 m Ventspils Flag of Latvia.svg Latvia 14. juni
2004 86,50 m Olympic flag.svg OL Athen Flag of Greece.svg Hellas 28. august
2005 89,60 m Monaco Flag of Monaco.svg Monaco 10. september
2006 91,59 m Bislett, Oslo Flag of Norway.svg Noreg 2. juni
2007 89,51 m Zürich Flag of Switzerland.svg Sveits 7. september
2008 90,57 m Olympic flag.svg OL Beijing Flag of the People's Republic of China.svg Kina 23. august
2009 91,28 m Zürich Flag of Switzerland.svg Sveits 28. august
2010 90,37 m Florø Flag of Norway.svg Norge 29. mai
2011 90,61 m Byrkjelo Flag of Norway.svg Norge 14. august
2012 84,72 m Ostrava Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia 25. mai
2013 84,64 m Florø Flag of Norway.svg Noreg 8. juni
2014 80,79 m Paris Flag of France.svg Frankrike 5. juli
Thorkildsen i tilløpet under Bislett Games 4. juni 2010

Thorkildsen sine 90-meterkast[endre | endre wikiteksten]

Per 14. august 2011 hadde Thorkildsen kasta over 90 meter i åtte konkurransar. Tabellen under gir eit oversyn over Thorkildsen sine 90-meterkast.

Resultat Stad Land Dato År
91,59 m Oslo Flag of Norway.svg Noreg 2. juni 2006
91,28 m Zürich Flag of Switzerland.svg Sveits 28. august 2009
90,61 m Byrkjelo Flag of Norway.svg Noreg 14. august 2011
90,57 m Beijing Flag of the People's Republic of China.svg Kina 23. august 2008
90,37 m Florø Flag of Norway.svg Noreg 29. mai 2010
90,34 m Roma Flag of Italy.svg Italia 14. juli 2008
90,28 m Zürich Flag of Switzerland.svg Sveits 29. august 2008
90,13 m Doha Flag of Qatar.svg Qatar 12. mai 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Javelin Throw junior All Time - Men». IAAF.no. Henta 13. juli 2010.  Statistikk
  2. «Andreas Thorkildsen legger opp». TV2. Henta 11.05.2016. 
  3. «- Skapt for spyd». VGNett. Henta 15. desember 2007. 
  4. «(NM-medaljer 100 m hk damer)». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2007-09-28. Henta 15. desember 2007.  Statistikk
  5. «(Norske EM-deltakere junior)». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2007-09-08. Henta 16. desember 2007.  Statistikk
  6. «Bestenoteringer for Gutter». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2007-09-28. Henta 16. desember 2007.  Statistikk
  7. «(Norske VM-deltakere junior)». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2007-07-25. Henta 16. desember 2007.  Statistikk
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «(NM-medaljer spyd herrer)». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2007-03-06. Henta 16. desember 2007.  Statistikk
  9. «Javelin Throw junior All Time - Men». IAAF.no. Henta 13. juli 2010.  Statistikk
  10. «Kastet for kort». NRK.no. Henta 15. desember 2007. 
  11. «Results European Championships 2002». atletix.org. Arkivert frå originalen 2007-09-30. Henta 15. desember 2007.  (resultatliste på engelsk)
  12. «Thorkildsen: - Kjipt». NRK.no. Henta 15. desember 2007. 
  13. 13,0 13,1 «Årets beste, kast 2003». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2012-05-09. Henta 7. mai 2011.  statistikk
  14. «Norske rekorder for Menn Junior 19». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2008-06-04. Henta 16. desember 2007. 
  15. «Javelin Throw junior All Time - Men». IAAF.no. Henta 13. juli 2010.  Statistikk
  16. 16,0 16,1 «- Det er helt sinnssykt!». VGNett. Henta 16. desember 2007. 
  17. «Thorkildsen klarte OL-kravet». NRK.no. Henta 15. desember 2007. 
  18. «Thorkildsen vant DN-galan i spyd». NRK.no. Henta 15. desember 2007. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 «Javelin Throw 2004». IAAF.org. Henta 16. desember 2007.  statistikk (engelsk)
  20. «Lettet Thorkildsen til finalen». VGNett (NTB). Henta 15. desember 2007. 
  21. «Sportsjournalistene kåret Thorkildsen». NRK.no. Henta 15. desember 2007. 
  22. european-athletics.org: Waterford Crystal European Athlete of the Year Trophy 2004, besøkt 29. mars 2011
  23. «Thorkildsen knallet til med ny rekord». Aftenposten.no. Henta 16. desember 2007. 
  24. «Klinket til med norsk rekord». VGNett. Henta 16. desember 2007. 
  25. 25,0 25,1 «Javelin Throw 2005». IAAF.no. Henta 16. desember 2007.  statistikk (engelsk)
  26. «- Utrolig fornøyd!». Dagbladet.no. Henta 15. desember 2007. 
  27. european-athletics.org: Waterford Crystal European Athlete of the Year Trophy 2005, besøkt 29. mars 2011
  28. «Thorkildsen tilbake til moderklubben». Dagbladet.no. Arkivert frå originalen 2008-02-13. Henta 16. desember 2007. 
  29. «Thorkildsen over 90 meter». NRK.no. Henta 16. desember 2007. 
  30. «Jeg kjente at jeg traff!». NRK.no. Henta 16. desember 2007. 
  31. «Thorkildsen tok gull!». VGNett. Henta 16. desember 2007.  resultatliste (engelsk)
  32. «Stadionrekord og diamant for Thorkildsen i Stockholm». fedrelandsvennen.no. Henta 16. desember 2007. 
  33. «Tok kongepokalen og stakk». BT.no. Henta 16. desember 2007. 
  34. «ZELEZNY - Farewell to a legend - World Athletics Final». IAAF.org. Henta 16. desember 2007.  (engelsk)
  35. «Javelin Throw 2006». IAAF.org. Henta 16. desember 2007.  statistikk (engelsk)
  36. european-athletics.org: European Athlete of the Year 2006, besøkt 29. mars 2011
  37. «Her er Andreas' modellbilder». fedrelandsvennen.no. Henta 16. desember 2007. 
  38. «Thorkildsen looks to spear $1 Million Jackpot – IAAF Golden League». IAAF.org. Henta 16. desember 2007.  (engelsk)
  39. 39,0 39,1 «Årsstatistikk kast 2007». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2007-09-30. Henta 16. desember 2007.  statistikk
  40. «Jeg vet jeg kan vinne». Dagbladet.no. 15. juni 2007. Henta 16. desember 2007. 
  41. «Thorkildsen dropper NM». Smaalenene.no. Henta 12. desember 2007. 
  42. «VM-sølv til Thorkildsen». Avis2. Arkivert frå originalen 2007-06-29. Henta 12. desember 2007. 
  43. «5th IAAF World Athletics Final - Official Result - Men - Javelin Throw». IAAF.org. Arkivert frå originalen 2007-10-30. Henta 16. desember 2007. 
  44. «Friidretten hedret Thorkildsen». Siste.no. Henta 16. desember 2007. 
  45. «Thorkildsen tenker gull». Aftenbladet.no. Arkivert frå originalen 2008-01-21. Henta 16. desember 2007. 
  46. «Thorkildsen vant med 87,59». VG.no. Henta 22. mai 2008. 
  47. «Top Lists - Javelin Throw 2008». IAAF. Henta 24. august 2008.  statistikk
  48. «Pitkämäki frykter Thorkildsen i finalen». Aftenposten. Henta 24. august 2008.  statistikk
  49. «Results - Men's Javelin Throw Final». IOK - beijing2008.cn. Arkivert frå originalen 2008-08-26. Henta 24. august 2008.  Offisiell resultatliste
  50. «Thorkildsen skuffet tross seier». VG.no. Henta 8. mai 2009. 
  51. «Thorkildsen skuffet tross seier». nrksport.no. Henta 5. august 2009. 
  52. «Gull til Thorkildsen». adressa.no. Henta 23. august 2009. 
  53. «Thorkildsen vant i sesongdebuten». adressa.no. Henta 31. mai 2010. 
  54. «90,37 av Andreas i Florø». friidrett.no. Arkivert frå originalen 2008-12-19. Henta 31. mai 2010. 
  55. diamondleague-oslo.com: ExxonMobil Bislett Games Resultater Spyd Menn Arkivert kopiWayback Machine. Besøkt: 31. juli 2010
  56. diamondleague.com: Andreas THORKILDSEN Arkivert kopiWayback Machine. (besøkt 31. juli 2010)
  57. sportresult.com: Bergen SPAR European Team Championships Besøkt: 31. juli 2010
  58. «Underlaget gav Thorkildsen trøbbel». nrk.no. Henta 31. juli 2010. 
  59. «Seiersrekka sprakk for Thorkildsen». nrk.no. Henta 31. juli 2010. 
  60. Nettavisen - Thorkildsen fikk juling, besøkt 7. mai 2011.
  61. Adressa.no - Sesongbeste for Thorkildsen, besøkt 15. mai 2011.
  62. Aftenposten.no - Kaster ikke på Bislett, besøkt 6. juni 2011.
  63. Adressa.no - Thorkildsen tilbake med seier, besøkt 25. juni 2011.
  64. TV2 Sporten - Thorkildsen med årsbeste i Lausanne, besøkt 1. juli 2011.
  65. VG.no - Årsbeste i verden for Thorkildsen, besøkt 10. juli 2011.
  66. Nettavisen - Thorkildsen med årsbeste i verden[daud lenkje], besøkt 29. juli 2011.
  67. Fedrelandsvennen (14. august 2011) Takker NM-arrangørene for kjempekastet, hentet 14. august 2011
  68. daegu2011.iaaf.org: Javelin Throw - M Qualification Arkivert 4. desember 2013 på Wayback Machine. hentet 4. september 2011
  69. NRK.no - Jeg var heldig som fikk medalje i dag, hentet 4. september 2011
  70. daegu2011.iaaf.org: Javelin Throw - M Final Arkivert 23. februar 2014 på Wayback Machine., hentet 4. september 2011
  71. Diamond League – Javelin Throw Men Arkivert 1. november 2011 på Wayback Machine., besøkt 19. oktober 2011.
  72. Fædrelandsvennen – Sølvgutt, men best i verden, besøkt 19. oktober 2011.
  73. NRK (19. mai 2012): Thorkildsen måtte gi seg halvveis i sesongåpningen, hentet 20. mai 2012
  74. NRK (28. juni 2012): Thorkildsen trakk seg fra EM-finalen, hentet 29. juni 2012
  75. Dagbladet.no - Thorkildsen-fiasko i OL-finalen, besøkt 8. april 2013.
  76. NRK.no - NM-arrangørene svært skuffet over Andreas Thorkildsen, besøkt 8. april 2013.
  77. Siste.no - Thorkildsen er på gang, besøkt 5. juli 2013.
  78. Fedrelandsvennen - Andreas Thorkildsen vant i Florø, besøkt 5. juli 2013.
  79. NRK.no - Spydfiasko for Thorkildsen på Bislett, besøkt 5. juli 2013.
  80. ABC Nyheter - Thorkildsen best i Birmingham, besøkt 5. juli 2013.
  81. NRK.no - Thorkildsen vant i Birmingham, besøkt 5. juni 2013.
  82. NRK Sport - Diamond League 2014, besøkt 1. juni 2014
  83. TV2.no - Andreas Thorkildsen endte på sisteplass, besøkt 12. juni 2014.
  84. Dagbladet.no - Andreas Thorkildsen avslutter sesongen umiddelbart, besøkt 23. juli 2014.
  85. VG.no - Thorkildsen gir opp årets sesong, besøkt 9. juni 2015.
  86. «Andreas Thorkildsen legger opp». TV 2. 11. mai 2016. Henta 11. mai 2016. 
  87. european-athletics.org (2. oktober 2008): Andreas Thorkildsen (NOR) is the male Waterford Crystal European Athlete of the Year 2008, besøkt 29. mars 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]