Sverre Strandli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Strandli

Sverre Strandli i landskamp mot DDR i 1955
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1925
Brandval
Død

4. mars 1985 (59 år)
Charlottenberg

Yrke sleggekaster, lærar
Høgd 186 centimeter
Sverre Strandli på Commons

Sverre Strandli (30. september 19254. mars 1985) var ein norsk friidrettsutøvar, europameister i sleggekast i 1950, og som fekk EM-sølv i 1954. Hans hovudøving var sleggekast, mellom norske konkurrentar kunne han også hevde seg i kulestøyt. Han var 186 cm høg, og hadde ei tevlingsvekt på kring 93 kg.

Nasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Strandli var frå Brandval i Hedmark, og var medlem av idrettslaget i heimbygda fram til 1951. Sesongane 1952 og –53 var han medlem av oslolaget Torshaug. Frå 1954 representerte han Sarpsborg Idrettslag.

Strandli markerte seg første gong i 1948-sesongen, då han vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen. Året etter kasta han 50,82 m og forbetra den 21 år gamle noregsrekorden, ein rekord som han i løpet av året flytta til 56,02 m. Han vart noregsmeister i sleggekast seks år etter ein annan (1949-54), på ny 1956 og -57 og 1960-62. Han vart vist til sølvplass i 1959, -64 og –66. Si einaste bronsemedalje vann han under noregsmeisterskapen i 1968, 20 år etter han fekk si første NM-medalje. Til saman vann han 11 gull, 4 sølv og 1 bronse under NM i slegge. I tillegg vart han noregsmeister i kulestøyt i 1954, hans einaste medalje i den greina. Seks gonger vart han tildelt kongepokalen; 1950-53, 1956 og 1962.

Strandlis aller lengste sleggekast kom i oktober 1962 i Trondheim, då han sette noregsrekord for tjuande gongen med eit kast på 63,88 meter.

Internasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Med eit kast på 55,71 m vann Strandli gullmedaljen i EM i friidrett 1950 i Brussel, nær meteren lengre enn sølvmedaljevinnarens bestekast. Ved neste EM i friidrett 1954 fekk han sølvmedalje etter eit bestekast på 61,07 m, sovjetrussaren Mikhail Krivonosov vart europameister etter å ha sett verdsrekord (63,34 m). I OL-tevlingar kom Strandli på sjuandeplass i 1952 i Helsingfors, ein åttandeplass i 1956 i Melbourne og ein ellevteplass i 1960 i Roma. Han var flaggberar for Noreg under leikane i Roma. Under EM i friidrett 1962 vart han utslegen i kvalifiseringa.

Strandli sette to verdsrekordar i sleggekast, begge på Bislett stadion. Den første rekorden var på 61,25 meter vart sett 14. september 1952 i landskamp mot Finland, og året etter (5.9.1953) kom den andre på 62,36 meter. Verdsrekorden stod fram til august 1954, då Krivonosov kasta 63,34 meter.

Strandli deltok i 54 landskampar.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kåringar[endre | endre wikiteksten]

EM-sigeren førte til at Strandli vart utnemnd til Årets idrettsnamn i 1950 i Noreg. For den andre verdsrekorden vart han i 1953 for andre gong kåra til Årets idrettsnamn i Noreg.

Personlege rekordar og årsbeste[endre | endre wikiteksten]

År 1948 1949 1950 1951 1952 1953 1954 1955 1956 1957 1958 1959 1960 1961 1962 1963 1964 1965 1966 1967 1968
Lengde ? 56.02 57,68 58,70 61,25 62,36 ? ? 62,96 ? ? ? 63.45 ? 63,88 ? 62,82 ? ? ? 58,40

Kjelder[endre | endre wikiteksten]