St Margaret's Island

Koordinatar: 51°38′35″N 4°43′01″W / 51.64310°N 4.71693°W / 51.64310; -4.71693 (St Margaret's Island)
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

St Margaret's Island er ei lita øy ved Caldey Island i Carmarthen Bay i Wales. Namnet kjem frå eit kapell som ein gong stod på øya, men i victoriatida vart dette omgjort til eit hus for lokale steinbrytarar, som tok ut kalkstein frå øya fram til 1851.

St Margaret's Island er under bevaring på grunn av fuglane som hekkar i klippene. Skarv (den største bestanden av denne arten i Wales, og 3% av den totale britiske bestanden), teist, alke, toppskarv, krykkje, svartbak, sildemåse, gråmåse, lundefugl og i nyare tid havsule, hekkar alle her. Øya er begrodd med strandbete, toppgåseblom og gras.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

51°38′35″N 4°43′01″W / 51.64310°N 4.71693°W / 51.64310; -4.71693 (St Margaret's Island)