Stangelandsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stangelandsteinen slik han står i dag, ved inngangen til Sandnes rådhus

Stangelandsteinen er ein runestein som opphavleg stod på garden Stangeland, som i dag er ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland.

I 1649 skildra biskop Wegner ein stor runestein som stod på ein gravhaug på Stangeland. Diverre er han ikkje meir spesifikk når han fortel kvar denne steinen stod, for i 1745 skriv amtmannen Bendix de Fine:

«Over Stangelands Aaen i Høylands Sogn ligger en Baute-Steen, som til forn har staaet oppe paa en høy ved Lande-Vejen.»

Slik låg han framleis, som klopp over bekken, i 1810. Men i 1888 meldte professor Oluf Rygh at steinen var reist att. Etter det vart steinen flytta på nytt og stod i mange år føre hovudbygninga på Skeianetunet i Sandnes sentrum. Her vart steinen undersøkt av Magnus Olsen i 1951. Han noterer i rapporten at steinen er forvitra i overflata, og er i dårleg stand.

Ved ny inspeksjon i 1991 vart det konstatert av steinen då var i alarmerande grad forvitra, flak hadde allereie falle av, og delar av innskriften stod i fare for å forsvinna. Den vart henta inn til Arkeologisk museum i Stavanger for stabilisering av tilstanden og generell konservering. Det vart vedteke å setja opp steinen i Sandnes att, men han var enno svært utsett for vidare forvitring. Av den grunnen vart han sett opp att ved inngangen til Sandnes rådhus, der han kunne stå trygt under tak.

Innskrifta er:

þurbiurn:skalt:raista:stinþanaft:
siu:þuris:sun:sin:isa:tanmarku:fil

På moderne norsk vert det: «Torbjørn Skald reiste denne steinen etter Sjø-Tore, sonen sin, som fall i Danmark.»

Magnus Olsen daterer runene til siste halvdel av 1000-talet. Han meiner steinen kanskje kan knytast til kong Harald Gråfell si ferd til Danmark i 970, og at Sjø-Tore har vore ein av dei mange norske som vart drepne saman med Harald i bakhaldet i Limfjorden. Stangelandsteinen er dermed ein av dei særs få runesteinane i Noreg som kan setjast inn i ein konkret historisk kjend kontekst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]