Hopp til innhald

Kirisji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirisji
Кириши
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Areal 32 km²
Folketal 49 235 (1. januar 2025)[1]
Første nemnd i 1693
   Bystatus 1965
Postnummer 187110–187115
Retningsnummer (+7)81368
Kart
Kirisji
59°26′59″N 32°00′31″E / 59.449722222222°N 32.008611111111°E / 59.449722222222; 32.008611111111
Wikimedia Commons: Kirishi

Kirisji (russisk Кириши) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg på høgre bredda av elva Volkhov, 115 km søraust for Sankt Petersburg.

Busetnaden Kirisji vart første gong nemnt i dokument i 1693. Byen vart fullstendig øydelagd i 1943 under den andre verdskrigen. I 1960 vart han gjenoppbygd og oljeraffineriet Kinef vart bygt i byen. Han fekk bystatus i 1965.

Bynamnet har opphav i elva Kirisja (tidlegare Kiresja), ei sideelv til Volkhov.

Vennskapskommunar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kirisji