Novaja Ladoga
Utsjånad
| Novaja Ladoga | |||
| Новая Ладога | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Leningrad oblast | ||
| Folketal | 7 147 (2024)[1] | ||
| Bystatus | 1704 | ||
| Retningsnummer | +7 81363 | ||
![]() Novaja Ladoga 60°06′07″N 32°18′20″E / 60.101944444444°N 32.305555555556°E | |||
| Wikimedia Commons: Novaya Ladoga | |||
Novaja Ladoga (russisk Но́вая Ла́дога) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 140 km aust for Sankt Petersburg, der elva Volkhov munnar ut i Ladoga.

St. Nikolas-klosteret stod frå 1400-talet på staden der byen i dag ligg, men den nærliggande busetnaden (sloboda) vart lenge overskugga av den første russiske hovudstaden, Staraja Ladoga, som låg berre nokre få kilometer lengre opp i Volkhov-elva. I 1704 bygde Peter den store festningsverk ved klosteret og gav ordre om at folkesetnaden i Staraja Ladoga skulle flyttast til landsbyen ved klosteret. Den nygrunnlagde byen voks i samband med bygginga av Ladogakanalen og Volga-Austersjø-kanalen på 1700- og 1800-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
