Hopp til innhald

Volkhov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volkhov
Волхов
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Russland
Areal 108 km²
Folketal 37 539 (2024)
Grunnlagd 1918
   Bystatus 1933
Retningsnummer +7 81363
Kart
Volkhov
59°55′00″N 32°20′00″E / 59.916666666667°N 32.333333333333°E / 59.916666666667; 32.333333333333
Wikimedia Commons: Volkhov

Volkhov (russisk Волхов) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg 122 kilometer aust for St. Petersburg.

Volkhov ligg ved elva Volkhov, som var ei viktig ferdselsåre for skandinaviske vikingar på veg til Novgorod og Bysants. Her vart slagordet til Lenin om at «kommunisme er sovjetmakt og elektrifisering» delvis realisert ved bygging av det første vasskraftverket i Sovjetunionen, som opna 19. desember 1926 og eit aluminiumsverk som stod ferdig i 1932.

Elva Volkhov har utspring i innsjøen Ilmen og er 224 km lang, med utløp i den største innsjøen i Europa, Ladoga, 25 km nord for Volkhov.

10 km nord for Volkhov ligg Staraja Ladoga, som var den første hovudstaden i det russiske riket, grunnlagd om lag 753.

Volkhov har inngått venskapssamarbeid med Vefsn kommune i Nordland.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Volkhov