Statsministeren i India
Utsjånad
(Omdirigert frå Statsminister i India)
Statsministeren i India er regjeringsleiaren i India, leiar for den utøvande makta i landet og hovudrådgjevar til presidenten i India. Stillinga er skildra i den indiske grunnloven og har eksistert sidan India fekk sjølvstende frå Storbritannia i 1947. Partileiaren for det største partiet i underkammeret Lok Sabha i det indiske parlamentet blir utnemnd til statsminister av presidenten. Det indiske statsministerembetet byggjer på parlamentarisme, spesifikt Westminstermodellen.
Manmohan Singh frå Kongresspartiet har vore indisk statsminister sidan 22. mai 2004.
Statsministrar frå 1947 til i dag
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Bilde | Namn | Parti | Tiltredde | Avgjekk |
---|---|---|---|---|---|
1. | Jawaharlal Nehru | Kongresspartiet | 1947 | 1964 | |
2. | Lal Bahadur Shastri | Kongresspartiet | 1964 | 1966 | |
3. | Indira Gandhi | Kongresspartiet | 1966 | 1977 | |
4. | Morarji Desai | Janata-partiet | 1977 | 1979 | |
5. | Charan Singh | Janata-partiet | 1979 | 1980 | |
6. | Indira Gandhi | Kongresspartiet | 1980 | 1984 (drepen) | |
7. | Rajiv Gandhi | Kongresspartiet | 1984 | 1989 | |
8. | Vishwanath Pratap Singh | Jan Morcha | 1989 | 1990 | |
9. | Chandra Shekhar | Janata Dal | 1990 | 1991 | |
10. | P.V. Narasimha Rao | Kongresspartiet | 1991 | 1996 | |
11. | Atal Behari Vajpayee | Bharatiya Janata-partiet | 1996 | 1996 | |
12. | H.D. Deve Gowda | Janata Dal (Secular) | 1996 | 1997 | |
13. | Inder Kumar Gujral | Kongresspartiet | 1997 | 1998 | |
14. | Atal Behari Vajpayee | Bharatiya Janata-partiet | 1998 | 2004 | |
15. | Manmohan Singh | Kongresspartiet | 22. mai 2004 | 26. mai 2014 | |
16. | Narendra Modi | Bharatiya Janata Party | 26. mai 2014 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Prime Minister of India» frå Wikipedia på engelsk, og «Indiens premiärminister» frå Wikipedia på svensk den 26. april 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad (pmindia.gov.in)