Rajiv Gandhi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rajiv Gandhi
Rajiv-Sapta.jpg
Statsminister i India
Regjeringstid 1984–1989
Føregjengar Indira Gandhi
Etterfølgjar V.P. Singh

Rajiv Gandhi (20. august 194421. mai 1991) var en indisk politikar. Han var Statsminister i India frå 1984 til 1989. Rajiv Gandhi blei den yngste statsministeren India har hatt då han tok over rollen etter at mora Indira Gandhi blei drepen i eit attentat. Han blei sjølv drepen i eit attentat i 1991.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rajiv Gandhi var fødd i Bombay som son av Indira og Feroze Gandhi og dotterson av Jawaharlal Nehru, som alle var aktive i den indiske sjølvstenderørsla. Broren Sanjay Gandhi blei fødd to år etter. Familien budde i Allahabad og Lucknow før Indira Gandhi reiste frå ektemannen med sønene og budde hjå Nehru, som då var blitt den første indiske statsministeren, i Delhi.

Rajiv blei utdanna ved kostskulane Welham Boys' School og The Doon School i Dehra Dun før han blei send til London i 1961 for vidare utdanning. I 1962 fekk han tilbod om å studera ingeniørfag ved Trinity College i Cambridge. Rajiv var ved Cambridge fram til 1965, og ved Imperial College London i eit år frå 1966. Han forlét begge universiteta utan nokon grad. I Cambridge møtte han Antonia Màino, ein språkelev frå Italia, som seinare gifta seg med han og bytta namn til Sonia Gandhi. Dei fekk to born, Rahul og Priyanka.

Rajiv Gandhi viste inga interesse for politikk, men blei flygar for Indian Airlines. Etter at Sanjay Gandhi omkom i ei flyulukke i 1980 tok Rajiv motvillig over broren si rolle i politikken etter press frå kongresspolitikarar og mor si. Han stilde til val i Amethi, Sanjay Gandhi sitt tidlegare sete, og slo Sharad Yadav frå Janata Dal. Han tok også over rolla som president i Indian Youth Congress, ungdomsavdelinga til Kongresspartiet. I 1982 deltok han i kommiteen som organiserte Asialeikene.

Rajiv Gandhi med landhockeyspelaren Jagbir Singh.

Indira Gandhi blei drepen 31. oktober 1984 av to av livvaktene sine, som var sikhar, etter utføringa av «Operation Blue Star» der den indiske hæren hadde teke hovudheilagdommen til sikhane, Det gylne tempelet, med makt. Oppmoda av president Zail Singh og venen og ministeren Sardar Buta Singh tok Rajiv Gandhi over statsministerembetet nokre timar etter at ho døydde. Då sikhar blei drepne i opptøyar som «hemn» for attentatet mot Indira Gandhi, hendingar som i mange høve hadde hjelp frå Kongressparti-leiarar,[1] skal sonen ha sagt «når eit kjempetre fell, ristar grunnen».[2]

Kort tid etter å ha blitt statsminister, og mot slutten av den femårige Lok Sabha-perioden, skreiv Rajiv Gandhi ut nyval. Rajiv Gandhi blei offisielt partileiar for Kongresspartiet. Partiet vann ein enorm siger, den største i indisk historie, og Rajiv Gandhi fekk eit stort politisk handlingsrom.[3] Gandhi hadde nytte av sympatibølgja etter at mora var drepen, men også at han var ung og ikkje hadde band til eldre politikk og korrupsjon.[4]

«Public call office» (PCO) som finst over heile India.

Som statsminister auka Rajiv Gandhi støtte til vitskap, teknologi og industri, og liberaliserte import gjennom å redusera bruk av kvotar, lisensar og avgifter.[5] Særleg telekommunikasjon og datamaskinar blei meir vidspreidde, gjennom skipinga av telefonselskapet MTNL og «public call offices» (PCO), offentlege telefonar, over store delar av landsbygda.[6] Ein ny nasjonal utdanningsstrategi (National Policy on Education) skulle gje alle barn utdanning opp til fjorten års alder. Jawahar Navodaya Vidyalaya blei skipa for å hjelpa fattige barn frå landsbygda med gratis skule, kost og losji.[7]

Rajiv Gandhi møter russiske hare krishna-folk.

Rajiv Gandhi betra tilhøvet mellom India og USA, som var blitt svekka av dei nære banda landet hadde til Sovjetunionen. I 1987 inngjekk han ein avtale med Sri Lanka ved president J.R. Jayewardene. Avtalen skulle få slutt på borgarkrigen i landet med militærbidrag frå India gjennom Indian Peace Keeping Force. Bruken av indiske soldatar som etterkvart byrja kjempa mot LTTE var svært upopulær i delar av India, særleg i Tamil Nadu.

I 1987 kom Bofors-affæren for dagen. Leiande politikarar i India og Sverige blei skulda for å ha fått godtgjeringar etter at dei indiske styresmaktene haubitsar frå det svenske selskapet Bofors AB. Rajiv Gandhi si tilknytting til skandalen øydela bildet av han som ein ærleg, «rein» politikar. Ved valet i 1989 gjekk Kongresspartiet kraftig tilbake i høve til opposisjonen Janata Dal leia av V.P. Singh, den tidlegare finansministeren under Gandhi som hadde byrja avdekka skandalen.

Minnesmerke over Rajiv Gandhi ved eksplosjonsstaen i Sriperumbudur.

I 1991 dreiv Rajiv Gandhi valkamp for Kongresspartiet. Då han var i Sriperumbudur i Tamil Nadu blei han og over tjue andre drepne i eit sjølvmordsåtak. Den unge drapskvinna Thenmozhi Rajaratnam var ein srilankisk tamil knytt til LTTE. Drapet var ein hemn for den indiske militæroperasjonen på Sri Lanka.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]