Stein Are Agledal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stein Are Agledal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1955 (69 år)
Idrett friidrett

Stein Are Agledal (fødd 18. februar 1955) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Sandefjord som åra 1976 og 1978-80 vart noregsmeister på 400 meter. Han var medlem av Sandefjord TIF til 1978, representerte sidan IK Tjalve.

Agledal var norsk bestemann på 400 meter i perioden 1976 til 1980. Alle desse fem sesongane presterte han norsk årsbeste på distansen. Frå 47,7 sekund i 1976, via 47,6 året etter, til 47,6 (manuell tid) og 47,83 (elektronisk tid) i 1978. Deretter kom han i 1979 inn på ny bestetid 47,63, før han 1. juli 1980 sette endeleg personleg rekord med eit løp på 47,39 sekund på Bislett stadion i Oslo.

Agledal var også ein dyktig 200-meterløpar, med 21,7 sekund (manuelt) frå 1979, og 21,94 (elektronisk) frå 1980 som sine fremste prestasjonar.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Agledal var med på å vinne NM-gull i 4x400 meter stafett for Tjalve i 1976, 1979 og 1981, samt i 4x100 m stafett i 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]